Astrolog og Terapeut

Tolking av fødselshoroskop

Ynskjer du ei djup personleg tolking av ditt fødselshoroskop, så er eg her for deg. Du som er nysgjerrig på deg sjølv. 
Horoskopet er eit kart over stjernehimmelen den dagen du vart fødd. Det er ikkje berre fødselsteiknet ditt som har betydning, dvs der Sola stod når du vart fødd, det er mange ting som spelar inn. 

 Med dette kartet som vegvisar og ei samtale med deg, kan vi saman få tak på det som er det autentiske deg, og kvar du er på din bevissthets skala. Vi har alle våre sterke og svake sider, som treng utviklast. Samstundes er vi alle påverka av arv og miljø.

Eg treng fødselsdato, klokkeslett og sted for fødsel i forkant. 

Fordjupning i  enkelte tema i horoskopet

 Horoskopet er eit godt reidskap for personleg utvikling ! Fyrste tolkinga er rein kunnskap om deg sjølv, men i etterkant kan ein plukke ut enkelte tema og gå djupare ned, for at du skal forstå deg sjølv endå meir, etter kva du har behov for.

 Det er ingen begrensningar, du kan koma med dine ynskje om kva du ynskjer gå nærare inn på.

30 min/60 min


Reading 

Reading betyr at eg koplar meg opp mot dine energiar for å sjå kva som trykker på no. Eg treng ikkje vite noko om deg for å sjå korleis energien din er no.  

Det er ein sjel til sjel kommunikasjon, om du vil. Der det høgare styrer kva som kjem gjennom. Ut frå dette har vi ei samtale på tema du ynskjer.

30 min/50 min Telefon eller frammøte


Din veg - Samtale 

Vegen vi skal gå i livet er ikkje varda, og vi kan møte på små eller store hindringar. Nokre av oss får mange fjelltoppar vi må over. Korleis taklar du det ? Kjenner du deg aleine ? Får du den støtta du treng ? 

Det handlar om at du er sann mot seg sjølv og finn din indre styrke og ditt indre lys å navigere etter. Bli kjent med din indre natur. Å reise seg etter mykje motgang er hard jobbing, men aller viktigast er vilje til vekst , og styrke til å akseptere. Vi kan ikkje endre fortida, men vi kan prøve å gjera framtida best mogleg.

Om eg får hjelpe deg litt på vegen, gje deg råd og tips ut frå kurs, utdanning, men aller viktigast mine store livserfaringar, så er det ei glede ! Ingen treng gå aleine. Eg lever eit liv med kronisk kreft og veit mykje om "burde" livet, og om å akseptere. Akseptere at livet har sine begrensningar, og at det kanskje ikkje vart som tenkt, men ein kan lære mykje av å leve livet meir sakte. Eg har hatt stor nytte av mitt fødselshoroskop.

 Den beste terapeuten, etter mitt syn, er den som sjølv har erfart og reist seg att. Den kunnskapen er dyrebar, men desto viktigare for meg å få dele av til deg som ynskjer det. Erfaringsbasert kunnskap trengst, i tillegg til helsevesenet !


Samtale - Reading - Fødselshoroskop  !  Via telefon eller via frammøte !


(p.s Alle bileta er frå mine turar i naturen)