Advent og Skytten høyrer saman

01.12.2016

Advent er ei kristen høgtid som markerar ventetida til jul. Vi ventar på det som skal koma, på å feire Jesus fødsel på juleaften. Fyrste sundag i advent er fyrste dag i kyrkjeåret. Advent og Skytten høyrer saman. Begge har fokus mot det som skal koma.

Skytten er symbolisert ved pila som vert skote framover. Skytten er framtidsretta, han ser mot eit mål, mot det som skal koma, mot den vegen han vil gå.

Kva ynskjer du bruke livet ditt til ? Kva strevar du etter ? I Skytten sitt teikn gjeld det å finne ei retning. Ein veg du ynskjer å gå og som kjennes rett ut for deg ! Skytten er full av tankar, men det gjeld å ta det ut i handling. Skal du finne rett veg og ha fokus så må du ha ro. Du treng ro i sinnet for å klare sjå kva som er rett for deg.


Skytten er knytt til stillheit, til retning og mål, til fokus og frihet. Då er det eit paradoks at vi flyg rundt og handlar julegaver, vaskar og styrer, julebord og mat, medan det dei fleste lengtar etter er at jula skal koma og ein kan roe seg. Før syns eg advent tida kunne vera stressande og som høgsensitiv merkar du kor stressa alle folk er. Kor mange som kavar rundt. Utan mål og meining.

Eg håpar du kan bruke noko av tida no i Skytten til å roe ned, kjenne innover, kjenn etter kva du lengtar etter. Kva er viktig for deg ? Kva er grunnet til at du har dei måIa og ambisjonane du har ? Har du gått ein feil veg, så kan du endre vegen din no. Du kan fokusere på eit nytt mål om du ynskjer det. Gjer det frivillig før du vert testa. Skyt pila dit hjarte ditt vil.

Gjer du det du lengtar etter så får du og ei større kjensle av friheit !

Vi har alle Skytten sitt teikn i horoskopet. På kva område i livet er det du lengtar mest etter retning ? Kanskje advent tida no kan vera ein ny start for deg.