BALANSE I LIVET

23.10.2017

Kvifor er det så vanskeleg å få balanse i livet vårt ?

Sola har vore ein månad i Vekten sitt teikn. Vekten handlar om balanse og harmoni. Om vi berre hadde klart å helde alle ting i balanse, så hadde livet vore mykje enklare. Trur dette er eit kjent tema og noko vi alle jobbar med heile livet. 


Vi treng balanse mellom jobb og ferie, å vera sosial og aleinetid, natt og dag, det maskuline og det feminine, mellom tankar og handling, mellom kvile og aktivitet, yin og yang, det matrielle og spirituelle, mellom å gje og ta imot, mellom å elske og verta elska, mann og kvinne, det perfekte og uperfekte, kvitt og svart, alvor og moro, flink pike/snill gut og å gje litt meir faen, ja og nei, lytte til kropp og helse og utfordre seg, varmt og kaldt, lys og mørke, mellom å delta og trekke seg attende, aktiv og passiv, krig og fred, prate og lytte, når er det tid for meg og når handlar det om vi, o.s.v Lista er lang. 

Vekten sitt teikn og Venus som herskar


Sola gjekk inn i Vekten sitt teikn på haustjamndøgn 23.sep, over til eit halvår med meir og meir mørke. Frå att naturen stod i alle sine flotte farger og lyste av balanse ved haustjamndøgn, til at den denne månaden og vidare no i Skorpionen gjer meir slepp. Mange av oss er det som har vorte fanga og teke mange flotte, fargerike bilete denne månaden av naturen. Det er ein grunn til at planeten Venus er knytta til Vekten sitt teikn, med form og farge og det vakre. 

Du har alltid eit valg

Lauv og blomar og alle fargar gjer no slepp, naturen har vorte meir grå og svart etterkvart. Naturen treng kvile og er klar for å trekke seg meir inn. Her i dalen ventar naturen på den kvite dyna og skjule seg under. Det same skjer med oss folk, eller bør skje med oss kanskje. Tid for å søke meir inn, inn i hus, under teppe med fyr i ovnen. Det er tid for å la roen senke seg. Tid for å vende blikket innover, og inn i sjelen, finne meir indre ro.

I Vekten sitt teikn får vi eit val, som når vi er halvvegs i livet og mange syns at det gamle livet ikkje gjer heilt meining. Den berømte midtlivskrisa bankar på og tippar på vektskåla. Kva veg vel du ? Fylgjer du det ytre livet med alle sine krav , eller vel du lytte meir til ditt indre og sjelen sin veg ? Fylgjer du mengda eller har du kontakt med dine behov ? Det er denne balansen som vi mange slit med, finne større meining i livet. Den gyldne middelveg. Nokre gonger i livet treng vi meir kvile og kanskje vert du tvinga til å ta det med ro, men etterkvart treng ein meir ut att og delta i livet. Alt til sin tid, og det er tillatt !

Har du balanse i ditt liv, eller tippar vektskålene hit og dit ? Er det nokre område du skulle ynskje du hadde meir balanse og harmoni ? Mars, vår energiplanet har akkurat gått inn i Vekten sitt teikn, så kanskje du får ein hjelp til å finne meir balanse i ditt liv no. KjærleikspIaneten Venus strålar i Vekten, teiknet for partner, fram til 7.november. 


Kanskje horoskopet ditt kan gje deg meir svar på alle dine val ?                            Ta gjerne kontakt !