DET FEMININE OG DET MASKULINE

15.04.2018

Mars og Venus vert aktivert 16.-18.april

Fine dagar for å gå på date, samstundes som det er fine dagar for å meditere på korleis du balanserar det maskuline og feminine i deg sjølv.

Like etter Nymåne i Væren natt til 16.april kl 3:47, der Sol og Måne står i konjunksjon i Væren, går Månen inn i Tyren sitt teikn. Sola som handlar om det maskuline prinsipp står i det maskuline teiknet Væren, medan Månen som symboliserar det feminine, går vidare inn i det feminine teiknet Tyren. Det er Mars som herskar over teiknet Væren, medan det er Venus som herskar i Tyren. Mars og Venus aktiveras sterkt i to dagar frå 16. til 18.april. 

Vi har alle det maskuline og feminine i oss som trengst balanserast, og har du det ikkje i balanse møter du det på utsida. Korleis kan du best gå vidare i livet ditt og realisere deg sjølv ,samstundes som du er sensitiv til kroppen din og dine behov ? Ynskjer du ein partner eller få betre kontakt med den du har, så er det fine dagar for å gå på date. Mediter på dette om det maskuline og feminine desse to dagane og kjenn etter korleis du balanserar dette i ditt liv. Når Uranus i tillegg blandar seg inn, kan du få nokre lynglimt frå oven og ny kunnskap rundt det.

Ceres og Persefone

På våren når det byrjar spire og gro, kjem Persefone opp frå underverda og heim til Ceres , sin mor. Ceres, vår modergudinne, vart før hylla ekstra frå 12. til 19.april kvart år. Det er fin tid for å aktivere mor-dotter tema i oss.

Nytt feminint prosjekt

Så kva er vel betre enn å sparke i gang nye feminine prosjekt akkurat no. Vi slit alle meir eller mindre med å kunne vera ei god mor og kone, samstundes som vi ynskjer realisere oss ute i verda. Det å balansere jobb og familie, kropp og helse med alle aktivitetar som samfunnet tilbyr oss.

Følg med, følg med. Nytt innlegg i morgo på nymånen.