Kong Harald, Jens Stoltenberg, Erna Solberg og Åse Kleveland

21.02.2017

Kva har alle desse fire til felles ?

Jo dei er alle fødd i Fisken sitt teikn. Fisken vert ofte framstilt som sensitiv, svak, ikkje til stades, tåkete osb. Ein kan lese at: Eg vil ikkje tilsette ein Fisk. Det er litt vekeblad horoskop å putte folk i ein slik bås.



Alle teikn har positive og negative sider, alle teikn har sine ytterpunkt. Ein Fisk kan vera minst like god leiar som t.d. Løve. Fisken har evne til å setja seg sjølv til sides for å gje merksemda til andre. Det kan vera noko lunt og roleg over dei som er fødd i Fisken sitt teikn. Dei likar ikkje bråk og er ofte konfliktsky, men dei har ein evne til å samle folket. 

Følsom - ei styrke !

Vi kan si om alle desse fire at dei er rolege og saklege. Ja dei er følsomme, vi har sett både Kong Harald og Erna Solberg ta til tårene. Men dei har og ein god og lun humor. Men er ikkje det fint ? Er det ikkje fint at folk kan syne kjensler ? Å vera følsom betyr ikkje at du ikkje er sterk. Ein kan fint vera begge deler. Vi har sett Jens Stoltenberg som eit godt omsorgsmenneske rundt 22.juli. Vi såg bl.a. Åse Kleveland samla folket i strida rundt om det skulle verta OL på Lillehammer eller ikkje. Samstundes representerar ho musikken og teateret som høyrer til Fisken sitt teikn. Formidling utan direkte tale. 

 Dei som er fødd i Fisken jobbar ofte litt i bakgrunn og har ikkje behov for å stikke seg fram heile tida. All sin sensitivitet kan dei bruke til å legge merke til kva som skjer rundt eit bord, utan at det vert sagt med ord. Snappe opp ting som er viktig, som andre ikkje legg merke til. Fisken kan då få eit større bilde av ting og finne løysing. Det sensitive kan vera ein styrke. Skal ein vera ein god formidlar av musikk, skodespel eller kunst, må ein vera sensitiv. Fisken er det teiknet som er sist i zodiaken og som tek litt frå alle andre teikn. Fisken kan nå ut til massane med bodskapet sitt, det vera seg politikk, innan kunsten eller andre ting.

Kvar har du Fisken i ditt horoskop ? Kva område er du mest sensitiv ?


Gratulere med dagen Kong Harald ! Takk for ditt lune og rause vesen som inkluderar alle !