KORLEIS GÅR DET MED DEG ?

31.03.2020

Klarar du halde deg jorda ?

Desse dagane når vi er bedt om å halde oss mest mogleg heime, når frykt råder ute i samfunnet, klarar du halde deg mest mogleg roleg og jorda ? 


Det er så lett å miste feste og bli rivi med i alt som skjer. Vi sjekkar nyheiter om kor mange smitta det er i vår bygd eller nabobygd/by. Telefonen med internett er alltid ei armlengde frå oss. Vi vert redd for ikkje ha kontrollen. 

På butikken er det stille og prega av alvor. Vi held avstand og kikkar forsiktig på kvarandre, om vi i det heile teke møter blikk. Kanskje det er akkurat no vi treng å smile til kvarandre ? Eller si eit lite hei ? Det gjer noko med oss å bli møtt av eitt smil og ein vennleg tone i desse dagar.

Eg kjenner eg må jobbe ekstra med å halde roen no. Eg kjenner veldig forskjell på om eg vert vikla inn i nyheiter fleire gonger om dagen og om eg pratar med andre som virvlar opp ting. Då gjeld det og vera godt inne i sin trygge boble. Meditasjon er fint verktøy.   Om eg klarar la vera og høyre på nyheiter eller lese for mykje om corona, er dagen mykje betre. Dagsrevyen på fjernsynet ei gong om dagen er fint. For corona er verkeleg og vi må forhalde oss til realiteten, vi kan ikkje flykte frå det. Men vi må ikkje ha full oversikt over alt og alle.

Vi har ikkje kontroll over alt som skjer og det er noko vi må lære oss, men vi kan velja kva vi vil mate i oss. Vi kan mate frykten og usikkerheten og kaoset som rådar, eller vi kan velja og prøve ha tillit. Tillit til at det ein dag er over, tillit til at helsevesenet gjer alt dei kan for oss og tillit til deg sjølv og din styrke. Vi kan mate det indre i oss . Meditere og gå tur i naturen, kjenne vi har bakkekontakt, eller berre sitja ute på gode dagar og sjå på skyene. Puste roleg og lande i oss sjølve. Når frykten kjem krypande, for det vil den gjera iblant, så prøv og ro deg ned. Finn din måte og gjera det på. Om du ikkje likar meditere, gå tur, sitja ute, bake, strikke, så prøv og skriv. Skriv ned alle dine tankar som kjem veltande. Berre la alle orda koma ned på papiret utan filter. Du treng ikkje lese gjennom det, berre kast det etterpå. Eller gjerne brenn det. Då får du det ut av kroppen din og du pustar lettare etterpå. Det fungerar alltid bra.

Mat det gode i deg og hugs, vi er alle i same båt kjære deg ! 

Ha tillit !