Let du deg inspirere av VM på ski?

03.03.2019

Deler du ut medalje til deg sjølv når du har nådd  indre mål ? 

Har du ein indre seierspall som du kan stige opp på når du har nådd noko du har streva for lenge ?

Eg let meg inspirere av VM på ski og den norske innsatsen som har vore no desse siste dagane.

Eg klappar og hoiar, men aller mest vert eg rørt av alle klemmane og alle godorda. Tårene kjem når eg ser dei famnar om kvarandre og ikkje minst blikk fulle av tårer og glede . Når ein ser kva det betyr for den enkelte. Dei er så slitne og har vore så langt nede i kjellaren, for at det så toppar seg med gledeshyl. Det ligg såå masse hardt arbeid bak, så mykje slit og så mykje vilje . Dei gjer ikkje opp, men har trua på at det dei driv med ei gong skal lukkast. Vi skal hugse all treninga, alt slitet som ligg bak, og alle nedturane. Vi gledar oss med dei på gode dagar, men vi skal hugse på alle kvardagane desse har også. Ingen vert skikkeleg god utan å ha kjent på motgang. Så har vi alt dei må forsake for å verta best. Dei må tenke jobb 24/7 for å verta best. Det er ingen som kan gå fram og berre hente inn ei medalje. Denne ufattelege trua og vilja dei har, let eg meg inspirere av. At dei vågar leve draumen sin og gå sin eigen veg. Trosse motgang og leite fram viljeskrafta si. Eg heiar på dykk !

Tru, håp og meining

Eg klarar ikkje la vera å sjå deira kamp mot mitt liv og kampen med kreft, som har vore, og er, ein stor del av mitt liv. Eg føler at det er litt same tema for oss som har ein sjukdom å kjempe med. Mange vil kanskje syns eg er heilt på jorde, men eg føler så sterkt med dei og kjenner på likskapen. Når langrennsfolka ikkje får sove før ein stafett fordi det står så masse på spel, dei er kalde og skjelvne og kastar opp og kjenner på press, akkurat som når eg skal på kontroll. Alt kviler på denne stunda, om det vert bra eller dårleg resultat.

Når rennet er over må dei vite om dei skal gå vidare, om dei vil ta ein ny sesong, om det er verd slitet eller om dei skal finne på noko anna. For alle som slit med noko kronisk så kan ein ikkje velje det bort, men ein kan velje å akseptere. Akseptere at skjebnen er slik og gjera det beste ut frå det. Ein kan ikkje fjerne svulstane eller smertene, men ein kan styrke resten av kroppen. Når det mentale og alle kjenslene vert styrka, samt det ein klarar av det fysiske, så vil kanskje sjukdommen og roe seg ned. Å føle at ein gjer det ein kan, det er viktig. Ikkje det alle andre seier du skal gjera, men det DU kjenner er rett for deg. Eg skal gjera mitt beste, meir kan eg ikkje gjera, seier idrettsfolka. Så held det nokre gonger, medan andre gonger går det ikkje bra. Ein dag orkar vi mykje, ein anna dag er det ikkje slik. Dei dagane vi ikkje orkar så mykje er vi ikkje så synleg.

Dette med å gå i kjellaren, finne ut kven du er, kva du vil og kva som er viktig for deg. Jobbe for å finne din sigerspall og stige opp på den. Det handlar ikkje om å syns i media og vera i rampelyset, men vi kan lage vår eigen indre sigerspall som kan justeras etter kvart som vi når måla våre. Frå sonerenn, til NM, VM og kanskje OL. Ditt indre VM gull.

Viljeskraft

Vi har ikkje det støtteapparatet og alle heiaropa rundt oss som idrettsutøverane er så heldige å ha, men uansett for meg og for dei, og for deg, så er det vilja og styrka inni deg som tel. Det hjelper ikkje med støtteapparat om du sjølv ikkje vil, eller du sjølv ikkje er i kontakt med ditt indre mål. Det er ein einsam kamp og vera sjuk og ein einsam kamp og vera idrettsutøvar. Du må vilja kjempe i sol og i regn. Om det er 30 regnværsdagar så vil det alltid koma ein solskinnsdag om du har trua. Sjølvsagt er det ikkje alt vi rår over og nokre gonger må vi gje tapt, nokre dagar er det sofaen som gjeld og dei vonde tårene som vinn. Men denne her viljeskrafta som vi alle har i oss ein plass, som vi treng aller mest når det gjeld som aller mest. Den er viktig å få tak på, slik at du kan sloss for det DU trur på.

Så er det slik at den kan vera for stor også denne viljeskrafta, for den er ikkje lett å styre alltid. Nokre gonger rykker dei til frå start og trur dei held til mål, men så vert det slutt på kreftene. Det har vel mange av oss kjent på og. VI vil så gjerne, men vi får det ikkje alltid til. Kroppen vil ikkje, men hovudet har veldig lyst. Det er dette med å styre viljeskrafta og verta venn med kroppen, lytte til kva den har å si, som er ei stor utfordring. Få det mentale, det psykiske og fysiske til å spela på lag. Det er ikkje alltid hovud og kropp spelar på lag og då må ein la kroppen få den tida den treng, uansett kor mykje vilje du har. Kroppen er den som treng mest tid .

Eg ser Johaug som vart utestengt og som brukte tida til å styrke seg. Ho kunne gje opp, legge skia på hylla og si at dette er urettferdig, dette vil eg ikkje vera med på lengre. Men ho valte kjempe, valte å koma tilbake, meir styrka, fysisk og ikkje minst psykisk. Ho gav ikkje opp desse åra det såg mørkt ut. Ho jobba i det stille med indre og ytre kamp. Ho hadde trua og draumen som ho var lojal mot. Ho måtte stå mot alt pressa skreiv  om ho, både då og no. Det er viktig for oss som har vår kamp og, vi må heve oss over det mange meinar og trur er rett. Ver ærleg mot deg sjølv og ditt indre. Kun du veit kva som er sant for deg.

Kva styrkar deg ?

Om du vert slått tilbake, vert sjuk eller utbrent, så kan du velje og bruke tida til noko som er fint for deg, som styrkar deg på sikt. Men det må vera noko du likar og som du kjenner i hjartet ditt gjer deg godt. Ikkje noko du har i tankane berre, men noko du kjenner at heile deg likar. Når eg var veldig sjuk og langt nede så brukte eg tida mi til astrologi. Eg les og skreiv, sjølv om hukommelsen var meir og mindre borte. På nytt og på nytt. Til slutt fann eg ut at det var når eg dreiv med dette at tida forsvann og eg var i min verden. Det var dette som tok meg vekk frå det tunge og vanskelege. Når det var mykje vanskelege tankar så tvinga eg meg til å dykke ned i bøkene, om ikkje anna enn for ei liten stund. Å så lenge det gjorde godt for meg, så tenker eg at det er rett. Noko eg skal bruke tida mi på. Sært ? Ja kanskje det, men det var det som gjorde meg godt. Det var det som eg var sliten av på ein god måte og som let meg gløyme tida litt. Så då gjer det kanskje ikkje noko om at andre syns det er sært. Det er mykje psykologi i astrologien, og det elskar eg.

No når eg får lov til å ha mange tolkingar og samtaler med veldig mange hyggelege folk, føler eg at eg har nådd ein av mine pallplassar. Eg blir veldig glad inni meg når eg føler eg kan bruke meg sjølv til å lytte og gje råd til andre som slit. Det å kjenne at eg har klart bygge meg opp att frå nesten ingenting ,og kjenne at eg kan få vera til nytte att, det er min medalje akkurat no. Mange års slit har vorte til min indre glede, mitt indre gull. Så veit eg at det kjem nye slag, ny hard jobbing, men det får eg ta når det kjem. Akkurat no vil eg nyte gledesrusen som deg Terese. Mange års hard jobbing kan gje smaken av medalje !!  Så må eg klare styre denne viljeskrafta mi og ikkje verta for ivrig. Det er viktig at krafta og styrken varar lenge. Men det er viktig å våge.

Inspirasjon

Håpar du let deg inspirere av noko. Om det ikkje er av VM på ski, så er det alltid noko og la seg inspirere av. Det kan vera av musikk, av ei god bok, eller kanskje har du nokon du ser opp til. Håpar du finn fram til din indre pall og at du deler ut litt medaljer til deg sjølv. Det har du fortjent !

Og naturen er ei god inspirasjonkilde og ei god støtte i alt slags vær og på alle slags dagar. Moder Jord gjer omsorg. 

Eg heiar på deg !