Mars månad og Fisken sitt teikn 19.2-20.3
Vårreingjering i ditt indre. Ha tillit !
Sola står i Fisken sitt teikn ein månad og vi verta alle berørt av det, uansett kva teikn vi er fødd i. Fisken er siste teiknet i zodiaken og er teiknet for å gje slepp. Vi har bevega oss ein runde rundt, snart eitt år, sidan siste vårjamdøger. I horoskopet startar alt med Væren og våren, med å så det nye frøet og alle ideane vi har som vi ynskjer få til. Vi vert full av liv og nytt håp og vi fyllast opp med ny energi etter kvart som Væren og våren startar.
Men før vi kjem til vårjamdøger 20.mars, skal Sola lyse i Fisken sitt teikn ein månad. Fisken sitt teikn er veldig sensitiv og er følsom for alt og alle. Så lytt inn og kjenn etter kvar du er i livet no når Sola kjem meir og meir fram.
Draum og illusjonar
Denne månaden er det ei fin tid for å bruke sensitiviteten til å sjå kva du har fått av lærdom og kunnskap siste året. Vi har alle erfart og vorte klokare på eitt vis. For at denne kunnskapen du har erfart på alle område, både kjenslemessig, mentalt og fysisk, skal kunne ta plass i deg no, må du gje slepp på det gamle. Vi kan ikkje bæra rundt på alle erfaringar og alt som ikkje tenar oss lengre. Gje slepp på det du ikkje kan kontrollere og ha tillit til det nye som ynskjer koma inn i livet ditt.
Naturen gjer slepp på snø og kulde i mars, det kvite teppet må snart vike for at ein ny vår, ei ny blomstring kan finne stad. Det same gjeld med deg. Gje slepp på gamle illusjonar om deg sjølv, slik at din draum kan koma meir fram !
Slepp vårsola inn litt etter litt, i ditt tempo
Slik som vatn og bekkar no tinar snart, slik kan du sakte og sikkert tine deg opp for å kunne ta imot sola og varmen. Vi treng mørketida for å trekke oss inn i hus og inn i oss sjølve. Kvile, filosofere, men no er det tid for sakte og sikkert sleppe vårlyset inn i ditt indre, i hus og heim. Slik som solstripene kjem inn gjennom vindauga, slik kan du sleppe lyset inn gjennom augene for å kjenne etter kva du drøymer om.
Mange slit når vårsola kjem fram og syns det er ei tung tid, ei tid som for andre er ei god tid som vert fylt med meir og meir liv. Nokre vert vårslapp, medan andre vert våryr. Men kanskje nettopp det er vanskeleg ? Alt dette med glede og forventningar, liv og energi, når ein kan vera trygg og stille inne i hula si ? Akkurat som når hausten kjem og vi trekker oss inn, skal vi no krype ut. Som om livet no kjem deg i møte med forventningar som nokre må ta meir gradvis inn enn andre. Men ta det i ditt tempo, slepp lyset inn etter kvart som du er klar. Nokre vert blenda av lyset og syns det er vanskeleg å sjå seg sjølv klart i det. Din rolle, din plass. Fisken er full av empati, så ta fram empatien for andre, men óg deg sjølv. Kva treng du no i overgang vinter-vår ?
Refleksjon av ditt indre rike liv
Merkur har snart gått 3 veker retrograd i Fisken sitt teikn, og snur 10.mars. Den har gjort oss reflektert over våre kjensler. Merkur er planeten for tankar og all form for kommunikasjon, og går retrograd 3 gonger i år, i alle 3 vanntegna. Krepsen, Skorpion og no fyrst Fisken sitt teikn. Korleis kommuniserar du dine kjensler og ditt indre ? Kommuniserar du med ditt indre liv ? Det er mange måtar å uttrykke seg på, men i desse retrograde tidene er det fin tid for refleksjon av ditt indre liv. Kva drøymer du om ? Kva har du erfart av draumar i livet og kva ligg og ventar på deg der framme ? Fisken sitt teikn handlar om tillit, medan vi i det motsette teiknet Jomfruen har kontrollen. No som Sola er i Fisken sitt teikn kan kontroll via tillit vera tema.
I tillegg har vi hatt Pluto og Saturn møte i Steinbukken sitt teikn i januar. Det er som om det har vore mykje alvor og treghet, ei tid for jording og finne ut kva som er det ekte for deg. Kva du ynskjer manifestere i livet.
Våren har starta som smått, så slepp lyset inn etter som du er klar. Som bjørnen som skal ut av hiet sitt, han treng si tid. Han treng næring og bygge opp energien litt etter litt, før han er klar for sin vandring. Bjørnen spring ikkje ut i full fart.
Sjølv er eg fødd i Fisken sitt teikn, så eg elskar denne vårkjensla som kjem krypande no. Ut av vindauga mitt akkurat no ser eg skjæra koma flygande med store kvister til reirbygging. Fuglar, nytt hus, nyt liv ! Sikkert vårteikn. Eg gledar meg for å gje slepp på vinteren og ynskje det nye der framme velkomen !