NYMÅNE I SKORPION 7. NOVEMBER

05.11.2018

Sol og Måne møtas i Skorpion onsdag    7. 11 kl 17:01

Lag deg ein intensjon for kva du ynskjer skal skje

Nymånen er fin tid for å lage seg ein ny intensjon for den neste månaden. Det er ei fin tid for å så nye frø og starte nye ting. Om du sår på nymånen har det mest sjans for å lukkast. 

Skorpionen handlar om transformasjon og vekst. Noko er klart for å gje slepp. Kanskje du har kome til ei ny forståing av ting i ditt liv, vorte kjent med skuggar som kan vera potensiale til noko nytt. Om du bær på gamle traumer og sår stjel det mykje energi. Gje slepp på det som ikkje tenar deg lengre og send tilbake til andre alt som ikkje tilhører deg. Skorpionen gjer deg mot og vilje til å vekse og koma deg ut av komfortsona. Kanskje kan du ha ein intensjon om å  våge noko nytt, setja deg ein intensjon om å kunne relatere til partner eller andre på ein meir sann og ærleg måte, eller andre tema som får deg ut av komfortsona. 

Jupiter har hatt eitt år i Skorpionen  og har nok trigga deg på mange punkt. Jupiter går vidare inn i Skytten sitt teikn 2 dagar etter Nymånen, så gje slepp på det gamle og våg å gå din nye veg. Finn det du brenn for, det du trur på, det som gjer deg håp og meining, og gå den vegen i tillit til at det er rett for deg. Sola skal vera i Skorpionen nokre dagar til og hjelper deg med mot og vilje til vekst. 

Lag deg ein intensjon no og mediter på den på Nymånen !

God Nymåne !

Les gjerne om Jupiter inn i Skytten  her på bloggen.  Lenke: Jupiter i Skytten