NYMÅNE I SKORPION

17.11.2017

Nymåne i Skorpion laurdag 18.11 

Når Sol og Måne står i konjunksjon, dvs saman, kallas det Nymåne. Denne gongen står det i Skorpion sitt teikn. Teiknet for transformasjon. 


Når det er Nymåne, står Månen saman med Sola. Nymånen gjer oss ein ny start. Den gjer nytt liv og ny inspirasjon til det du har lyst til å starte på. Det vert sagt at det som vert starta på Nymåne har ein betre grunnlag for å lukkast. Så det er fin tid for å setja seg ein intensjon, bestemme seg for å endre vanar eller ta tak i noko du lenge har drømt om. Rundt Nymånen har vi ein større bevisstheit rundt ting. 

Laurdag 18.11 kl 12:42 står Sol og Måne i Skorpion, så det er ein utfordrande plassering. Men det er den beste tida for å ta tak i skuggane dine, dei du har skubba under teppet og ikkje har hatt lyst til å sjå på. Det er ei tid for å lære elske dei sidene ved deg som du ikkje er så glad i. Nokre gonger er det uvanar ein bør gje slepp på for at ein sjølv skal få det betre, men nokre gonger er det ting du ikkje kan gjera noko med eller heale, men som du bør akseptere. Det er ikkje alt vi kan endre på, nokre gonger må vi snu oss og bestemme oss for å akseptere at livet ikkje har vorte som vi har ynskja. Å få ein større forståing for ting og akseptere det, kan lede vidare til ein healing.

Om du kjempar med ein sjukdom, om du har mykje raseri, om du kjenner på frykt, så må vi nokre gonger sjå det ved oss sjølve. Snu oss og forstå at ingen andre kan gjera noko med det bortsett frå oss sjølve. Det hjelper heller ingenting å skulde på andre.  Aksepterar du ditt sinne eller din frykt, ser det og veit at det er ein del av deg, så får du det lettare. Då får det ikkje kontroll over deg. Det same er om du lever med ein sjukdom. Prøve å aksepter at det er der, at du kanskje ikkje kan vera så aktiv som før, at du går gjennom mange tap pga det, at det er vondt og vanskeleg. Det kan gjera at du sjølv kan leva betre med det.

Skorpion er djupe kjensler. Det er psykologen som set lys på mørke ting hjå sin pasient. Akkurat på den måten kan du no setja lys på det du fryktar mest ved deg sjølv, det du prøver å springe frå i kvardagen. Du er ikkje sinne ditt, du er ikkje frykten din, det er berre ein liten del av deg som prøver å fortelja deg noko. Om du ikkje gjer noko med det, vert du minna på det av andre du møter. Heilt til du tek eit oppgjer med det i deg sjølv.

Så kvar din sko trykker, veit best du. Men for at du sjølv skal få det litt betre, så er det ei fin tid for å akseptere det no på Nymånen i Skorpion og gje slepp. Om det er mange kjensler som buldrar på akkurat no, så søk hjelp. Ta imot hjelp frå andre, om det er ein god venn, eller ein terapeut. I Skorpion skal vi lære å dele. Har du ein god partner så våg og syne deg naken og sårbar. Moder Jord er og fin kjelde for jording om det er for mange kjensler. Ta deg ein tur ut i naturen.

Nymånen står i trigon til Chiron, våre sår, men og vår healer. Kanskje er det sår du kjenner på  desse dagane som du kan gjera noko med akkurat no. Det er slitsamt og hardt arbeid med Skorpion , men det er så godt etterpå når du har gjett slepp, fått det opp i lyset og har fått ein større bevisstheit rundt det. Det gjer meir styrke og frigjer masse energi.

God nymåne ! Hugs at Skorpion deler ut mykje mot og styrke og vilje til å endre på ting ! 


Hugs tilbod på horoskop i november. Ta kontakt om du er interessert :)