2016 ER SNART OVER, 2017 BANKAR PÅ DØRA

28.12.2016

Refleksjonar over 2016


Når romjula er her håpar eg du får tid til å reflektere litt over året som snart er slutt. Kva har vore fint for deg i året som har gått, kva har gjeve deg glede. Kva av gode ting ynskjer du ta med deg inn i 2017 ?

 Livet er no slik at det er opp og nedturar. Det som har vore i 2016 som du ikkje syns har vore så kjekt kan du kanskje lære av og la hendinga verta att i 2016. Ta det med deg som ein lærdom, men la tankane og kjenslene rundt det få verta att i det gamle året.    

NYMÅNE I STEINBUKKEN 29. DESEMBER

Romjula er fin tid for "regnskap" av året som har gått. I morgo 29.desember har vi Nymåne i Steinbukken. Steinbukken handlar om det som har vore, gamle tradisjonar, forfedre, om arbeid og grensesetting. Steinbukken kan hjelpe deg å manifestere dine draumar. Kva bør du setja grenser for slik at du kan koma deg vidare? Ting som ikkje tjenar deg lengre, korkje i tankar, ord eller gjerningar, let du vera att i 2016. Så kan du setja deg ned og laga deg ein visjon om kva du ynskjer for 2017. Kva ynskjer du å manifestere ? Kva er du villig til å jobbe hardt for for å få realisert ? For Steinbukken veit at skal du nå målet ditt må du legge ned ein stor porsjon arbeid.

JUPITER I OPPOSISJON TIL URANUS

Samstundes som vi har Nymåne i Steinbukken, er Uranus og Jupiter på same grad i Vær og Vekt, i ein nøyaktig opposisjon. Nye idear og ny innsikt om kvar vegen din skal gå for 2017 kan brått dukke opp. Opne sinnet ditt og tenk kreativt, men det skal vera sanning og meining ! Tenk over kven du vil ha med deg vidare. Kven gjer deg energi og kven tappar deg ? 

Tenk nytt og kreativt for 2017


Steinbukken sin tale om at «slik har det alltid vore», fungerar ikkje for Uranus opposisjon Jupiter. Dess større grunn til endring, seier dei. Steinbukken vil ha det gamle og trygge, medan Uranus vil ha nytt og nye tankar, og Jupiter kan gje deg den optimismen du treng. 

Så ta med deg det trygge i livet, det som fungerar for deg og hopp inn i det nye. La nye tankar og idear koma til deg. Uranus - Jupiter vil møtas fleire gonger i 2017, så det er behov for ein friheit og uavhengigheit både fysisk, følelsesmessig og intellektuelt.

                                                           

                                                     Det kan vera ei tid for spirituell realisering. 

                                                      Med Saturn i Skytten så kan du finne din veg !                                                     Din sanning !  Din friheit, om du går inn for                                                            det !

                       LA DET SKJE !!