Nymåne og delvis solformørking 6.januar 2019

04.01.2019

Nymånen er fin tid for å starte på nye prosjekt. Vi har 5 planetar i Steinbukken sitt teikn. Det er tid for å styrke deg sjølv og stå i din autoritet. Steinbukken handlar om å ta ansvar for seg sjølv og setja grenser. Det er struktur og orden.

Sol og Måne, Pluto og Saturn, og Merkur i Steinbukken sitt teikn. 

Det er sterk Steinbukkenergi akkurat no. I tillegg står heile 4 planetar i sitt eige teikn og er dermed ekstra sterke.  Saturn, Jupiter, Neptun og Mars er heime hjå seg sjølv.

Nymåne i Steinbukken

Nymåne er ei fin tid for å setta i gang med noko nytt og setja deg nye mål. Solformørkinga gjer at den har langtidseffekt, nokre hevdar opp til 6 månader.

Vi har heile 5 planetar i Steinbukken på denne dagen, samstundes som heile 4 planetar står heime i sitt eige teikn. På nymåne står Sol og Måne på same grad, no 15 grader Steinbukk, og er omkransa av Saturn på ei side og Pluto på andre sida. Saturn er herskaren i Steinbukken, så det er sterk Steinbukk energi. Merkur har óg akkurat kome seg inn i Steinbukken sitt teikn.

Steinbukken er eit kardinalt jordteikn. Det handlar om det fysiske og det materielle . Det er vilje no på nymånen til å setja i gang noko nytt, men då på eit stødig grunnlag. Det er struktur og ambisjonar og tolmod til å få det til. Steinbukken forbind vi ofte med arbeid og kallet vårt. Med så mange planetar i Steinbukken handlar det om å styrke din eigen personlege autoritet, slik at du kan stå støtt i eige liv og gå for dine ambisjonar. Vi kan ofte tru og håpe på at andre kan koma inn for å hjelpe oss, redde oss frå alle problema og utfordringane vi får i livet, men det er kun du sjølv som kan møte det og ta jobben.

Saturn - kva skal du ta ansvar for ?

Saturn som herskar i Steinbukken handlar om å setja grenser for deg sjølv. Kor mykje ansvar skal du ta på deg ? Kva er ditt og kva er andre sitt, og kor mykje skal du hjelpe andre ? Mange kan ta for mykje vare på andre og gjera for mykje ute i samfunnet. Har du sterk Steinbukk energi kan du kjenne deg tynga av alt ansvaret, eller at du lett går inn for å kontrollere alt rundt deg. Din jobb er å setja grenser for deg sjølv og lære andre ta ansvar for sitt liv. Du kan lære andre til å ta ansvar for seg sjølv slik at du kan sleppe byrden på dine skuldre. 

 Er du den personen som vil at andre skal ordne for deg eller ta vare på deg, må du jobbe mot å  verta den vaksne som tek ansvar for deg sjølv og ditt liv. Kanskje er det mykje prat og lite handling og at du ikkje kjem i gang med ting. Tida går og den ventar ikkje på deg, og Steinbukken veit alt om at tida er dyrebar og ikkje bør sløsast bort. Vil du ha ting gjort må du ta i eit tak, men hugs at det er lov til å be om hjelp og sjølv ikkje ein Steinbukk treng gjera alt sjølv.

Mange kan kjenne seg som offer i samfunnet og at andre har skada ein, og sjølvsagt vert vi påverka av miljø og barndom og av andre menneske heile tida. Men det er kun du som kan ta ansvar for å koma deg ut av offerrolla og heale dine sår. Saturn hjelper deg med å styrke deg og manifestere det du ynskjer, men du må sjølv gjera jobben, steg for steg. Bruk tolmodet ditt og gjer den jobben som trengst for at du skal kunne kjenne deg sterk. Kanskje er du bra nok akkurat slik du er og at det er du som har for store krav til deg sjølv ?

Frå testing i 2018 til å bygge nytt fundament no. 

Med Mars no i Væren sitt teikn er det vilje og mot til å ta tak i det som er rett for deg, slik at du kan finne din indre styrke, din autoritet. Neptun er i Fisken og hjelper deg med det spirituelle, det åndelege og alle draumane dine. Jupiter er i sitt eige teikn Skytten eitt år framover og hjelper deg med å finne din veg, dine mål og ta fram optimismen din.

Året 2018 hadde vi mykje Skorpion energi og vi vart testa og prøva og feila gjennom heile året. Mange kan syns det var for mykje transformasjon og testing, men kanskje var det naudsynt og gje slepp på noko for at du kan bygge eitt nytt fundament i ditt liv no. Transformasjonane du var gjennom kan ha vore ytre ting, men kanskje var det djupe kjenslemessige endringar. Med Steinbukken no lærer vi vera meir praktiske og vi vert utfordra på tankesettet vårt. Alt slitet og stagnasjon du kjente på i 2018 var ikkje forgjeves, men har styrka deg slik at du no er klar for ein ny vekst og for å koma deg vidare i livet. Det handlar om og bygge deg ein ny sterkare grunnmur i livet slik at du står stødig.

Set deg nye ambisiøse mål

Med Nymånen no i Steinbukken kan du setja deg nye mål som gagnar deg der du er i ditt liv. Steinbukken kan vera streng med seg sjølv og vera for ambisiøs, men er du av den typen skal du kanskje senke krava noko og sjå kva som er reelt for deg. Motsette teiknet av Steinbukken er Krepsen, så hugs å lytte til kjenslene dine og kva som er godt for deg og din kropp. Hugs at din fysiske kropp, kjensler og tankar skal kunne jobbe på lag og finne ein balanse.

Ta plass, stol på at du er bra nok 

Vi trur at vi er mest redd for mørket, men kanskje dei fleste av oss er mest redd for lyset ? Vi har ofte frykt for å kjenne på vår eigen storhet, vårt indre lys, på å våge ta plass og stole på at vi er bra nok. Utfordringa ligg i å stole på eigne ressursar og indre ressursar meir enn ytre ressursar. Det er tid for å konsentrere deg om dine mål og stå i din kraft.

God Nymåne og solformørking!