Skytten sin fullmåne 30.11

29.11.2020

På måndag 30.11 lyser Sola opp fullmånen i Tvillingen. Kva trur du på ? Kvar går din veg no ? Set deg eitt mål, når du når dette målet, set du deg eit nytt mål.


Sola er i Skytten sitt teikn no ein månad, og på måndag lyser sola opp månen som då er i det motsette teiknet, Tvillingen. Vi har det vi kallar Skytten sin fullmåne.

Desse siste dagane har vore kalde og klare dagar, så du har nok sett at det bygger seg opp til ein fullmåne. Det er som om fullmånen er meir magisk i den kalde og mørke tida av året, den tida av året vi vender blikket meir innover. Vi legg alle merke til at det vert meir lys ute ved fullmåne og det er som om vi treng det på denne tida. Det er litt magisk og gå tur i naturen når månen syner veg. Kanskje merkar du at du vert meir kreativ og søv lite, eller kanskje kjem det mange tankar til deg no. Aksen for Skytte og Tvilling er ein mental akse. 

Tru, håp og meining, og glede !

I dag sundag, har vi fyrste sundag i advent. Vi tenner eit lys for glede. Skytten og Tvillingen er teikna som er knytt mot latter og glede. Tvillingen vil gjerne vera sosial og ha humor, ikkje ta ting så seriøst. Når fullmånen står i Tvillingen sitt teikn treng vi kanskje minne oss på at det er viktig å omgås andre med ein lett tone, der ikkje alt må vera alvor. Der vi kan kommunisere kjenslene våre og høyre kva andre har å fortelja oss. Kanskje får du råd og vink frå andre du møter, eller du kan få gode tips i bøker og blad. Møter som gjer at du kan utvide ditt syn på ting, utvide din sanning. 

Skytten er eit ildteikn som vil at du skal tru på noko, finne din sanning. Då tenker eg ikkje religiøst, men at du har noko du brenn for som er viktig for deg. I denne spesielle tida treng vi alle noko å tru på, noko som gjer meining, slik at vi kan gå den vegen som er sann for kvar enkelt av oss. Det er viktig å ha eit håp, håp og tru på at vi kjem vidare mot målet. Skytten set seg eit mål. Når han har nådd dette målet, går han vidare og set seg eit nytt mål. Det er alltid noko nytt og lære, nytt og utforske, som gjer at vi utvidar sinnet vårt. Om det er i naturen, via intuisjonen, via menneskemøte, eller i bøkene sin verden.

Sosial intelligens

Vi ser på nettet og på nyhetene om dagane at det er mange sterke meiningar der ute. Nodeaksen som vi alle vert kollektivt berørt av, står også i Skytten og Tvillingen og skal gjera det ei god stund til. Så ver forsiktig med kva du trur på, ver litt kildekritisk. Kjenn etter kva du føler er sant, og sjekk gjerne opp om du er i tvil. Månen i Tvillingen no kan få deg til å sjå at det kan vera fleire sanningar. Skytten kan vera raskt ute med sin sanning, så pass på kvar du skyt din pil. Ein sosial intelligens er eit viktig tema om dagen.

Skytten har ei pil som sitt symbol. Kvar skyt du den pila no ? Har du bevissthet rundt kvar du skyt pila eller går den litt tilfeldig ?


God fullmåne og god adventstid !

Gjer det som gjer deg glede.


 Tenn deg eit lys og mediter på flamma. La flamma lede deg.

 Gjer det som er meiningsfylt for deg desse dagane, og bruk gjerne naturen. For meg gjer naturen ein ro, ro i det mentale, og dermed ro i sjela.