SOLA I KREPSEN - SOMMARSOLKVERV

23.06.2018

21.juni hadde vi sommarsolkverv.        Sola gjekk inn i Krepsen sitt teikn.   

Vi er på den aller lysaste tida av året

Feire naturen, det feminine og fruktbarheten

Krepsen innleiar sommaren og det er fyrste sommardagen. Grunn til at vi seier det er midtsommar er på grunn av at vi er midt i vekstsesongen. Naturen er på sitt mest frodigaste. Krepsen er eit feminint vannteikn og dermed eit sensitivt teikn. Det er teiknet for å feire jorda, det feminine og fruktbarheten. 

Krepsen er teiknet for mor og barn og familie. Det handlar om næring og om den fysiske forma vår. Å ta seg eit bad i sjøen eller eit vatn, og la vatnet omslutte deg og kroppen din ,kan vera ei kjensle av tryggleik du hadde når du var i mors mage. 

Korleis kan du best gje deg sjølv næring ? 
Kjenner du etter kva du treng og kva som gjer deg godt ?

 Du kan vera ei god mor for deg sjølv og din kropp og helse. I det maskuline samfunnet vi lever i handlar det ofte om handling, jobb og stå på. Men for at vi skal klare det treng vi gje næring og omsorg til oss sjølve fyrst. Lytte til det feminine i oss og handle deretter. Krepsen er eit veldig sensitivt og empatisk teikn, men krepsen gjer ingen ting før dei har kjent etter. Dei veit kva dei vil. Krepsen godtek folk som dei er og tek omsyn til andre.

Lytt til kroppen din


Lytt til kroppen din, kjenn etter kva som er godt for deg og ikkje press den for hardt. Akkurat som naturen har ulik rytme, så har vår kropp ulik rytme. Krepsen er styrt av Månen som har sin syklus. Det same er det med vår kropp, den har og sin syklus. Så har vi energi, så har vi ikkje, så kan vi gå ut og vera aktive, så treng vi trekke oss attende og fylle på. Lytt til naturen og lytt til din kropp og din syklus. Ver ei god mor for deg sjølv fyrst, så kan du gje næring og omsorg for andre etterpå.


Lad opp batteria med alt lyset. 

Det er ei fin tid for å lade opp med alt lyset vi har no. St.hans bålet vart før tent for at det skulle gje Sola ekstra energi slik at det skulle gje god vekst utover i sesongen. Det var ein magisk kveld med mange magiske ritual.

La Sola, lyset og all ild energien gje deg energi og opplading til kroppen din no. Å du, kjenn etter kva som er godt for deg, ikkje press deg sjølv for hardt er du snill .