SOLA I SKYTTEN

24.11.2017

Sola er i Skytten sitt teikn  22.11-21.12

Skytten tilbyr håp, sanning, optimisme og målsetting


Sola gjekk onsdag inn i Skytten sitt teikn. Vi har hatt ein månad med Skorpionen og for mange kanskje ei tid med litt mange kjensler. Skytten er eit ildtegn og gjer håp og optimisme.


Skytten er symbolisert ved ei pil, så kvar skyt du din pil ? Skytten handlar om å setja seg mål i livet. Kor langt du skyt din pil er opp til deg. Vi kan ha nokre langsiktige mål, men vi kan og lage oss mindre delmål. Det viktige er at du har eit mål for deg sjølv og noko å sjå fram til, noko du brenn for. Ikkje spreie energien over på mange ting, men samle den til noko du trur på.


Kva gjer deg meining i livet ?

Kva er viktig for deg ?


På bildet ser vi Skytten, som er halvt menneske og halvt hest. Ein som er fødd i Skytten har ofte sterk lårmusklatur. Skytten er knytta til religion og filosofi. Her ser vi ein som spenner sin boge og skyt pila oppover. Mot lyset, mot Gud, mot håp. Vi ser at ei større kraft tenner lys i enden på pila. Skytten handlar om å gå vegen inn og få kontakt med din sjel og la den overta styringa over din personlegdom. Det handlar esoterisk om å finne ei større meining i livet, om det er Gud, englar, Kristus, sjelen, din indre kraft. 

Vi kan gøyme vårt lys under ei skjeppe, med andre ord skjule vårt indre, eller vi kan la det brenne og gje håp for deg sjølv og andre.


Denne mørke tida kan for mange vera ei litt vanskeleg tid, men denne månaden i Skytten sitt teikn tilbyr deg håp og vil at du ser framover. Skytten handlar om å reise og oppleve nye horisontar, men den handlar like mykje om å reise i ditt indre. Skyt pila innover og finn kvar du har din styrke og kva som er sant for deg. Bli bevisstgjort dine sterke sider. Alt vi vert bevisst kan vi prøve å gjera noko med.

Kos deg i førjulstida ! På den måten som er sann for deg og gjer deg meining.

Ps. Ein måte å få bevisstgjort din styrke er å få horoskopet ditt. Tilbod ut november. Alt som er bestilt i november får tilbodsprisen.