SOLA INN I  TYREN

20.04.2018

Sola skin i Tyren sitt teikn ein månad

Kos deg og bruk sansane dine. Ta vare på kroppen og det du har skapt.


Sola har kome seg inn i Tyren sitt teikn. Vi forlet det impulsrike, handlekraftige ildteiknet Væren og kjem over i det meir rolege og uthaldande teiknet Tyr. Væren sår sine frø, er full av idear, men det er Tyren som tek vare på det, vatnar og pleier for at det skal gro. 

Vekk til live kroppen og alle sansane dine

Væren er ideen eller sædcella, som vert manifestert i noko fysisk i Tyren. Tyren er kroppen vår, sjelen sitt tempel som vi skal ta vare på. Eg sette meg ut i dag tidleg, i stillheita, til eit enormt fuglekor, til snøsmelting, eit skifte mellom kulde og litt meir varme, og berre var i min kropp med alle sansane ute og et frokosten min. Alle sansane er knytta til dette uthaldande jordteiknet, så bruk dei for alt det er vert i denne flotte tida. Tyren sitt teikn stressar ikkje, men er god på å nyte.

Venus som herskar i Tyren står og i Tyren sit teikn fram til 25.april. Det er tid for å gje kroppen sin litt pleie etter vinteren, kanskje litt massasje for å vekke den til live. For dei som er oppteke av reinsing av kroppen, så er det fin tid for det no når Sola skin i Tyren.

Stell av hus og hage

Tyren er veldig matrialistisk og likar samle. Om du har hus og hage som treng vedlikehald, så kva er vel bedre enn å rydde, vaske og pleie det no. Tyren vil gjerna at ting skal vare evig, så finn fram tolmodet ditt og ta eit tak.         Ideane du fekk i Væren om å ta tak i ting du lenge har ynskja, kan du pleie vidare no slik at det vert varig.


Lyst til å koma i kontakt med fleire feminine sider i deg ?

Når Sola står i det feminine teiknet Tyren ein månad, kva er vel betre enn å få ei tolking over dine feminine sider, slik at du kan styrke alle dine ulike del personleghetar som kvinne. Les meir på : DINE ULIKE KVINNEROLLER - DET FEMININE ASPEKT