Vårjamdøger - Ny årstid -Sola inn i Væren

22.03.2021

Laurdag 20.mars hadde vi vårjamdøger, der natt og dag var like lange. Vårjamdøger er eit av dei fire store skifte i årstider. Vi tek no farvel med vinteren og kulde, og slepper våren og lyset inn. Ein ny start - ein ny giv !

Vi går mot lysar  tider - ein ny start



Det astrologiske året startar med Væren og vårjamdøger, våren og spira av nytt liv. Ei ny tid, ein ny start, nye moglegheitar. Engasjement og evne til å starte noko nytt.  Det var ved denne tida vi skulle sett oss forsett for det nye året, ikkje på den mørkaste tida. Så gjer gjerne det om du føler for det.


Kanskje kjenner du dette skifte og at du får lyst til å ta tak i ting. Kanskje har du lyst til å rydde vekk vintersko og vinterklede, pusse vindauge og sleppe våren inn. Du kan gå tur ut og høyre og sjå det skjer ting rundt deg for kvar dag. Naturen gjer seg klar for ein ny vår og ein ny start. Trea gjer seg klar for å springe ut med nye små, lysgrønne spirer. Fyrste hestehoven sprenger seg snart ut og fram, og fuglane har starta på reirbygging. Kanskje kjenner du at du lengtar etter alt dette nye optimistiske som ventar ? 

Ny giv  - vilje til endring

Sola står no i Væren sitt teikn ein månad, og vi vert påverka av det alle uansett kva teikn vi er fødd i. Væren er eit ildteikn, det er ei flamme eller ein gnist av liv, som skal verta teke vare på. Det er mot og vilje til å koma ut, til å si frå, til å ta tak i ting og få ting gjort. Væren er fyrste teiknet og kan vera litt rask og stange seg fram for å få vilja si, men om Væren tenker seg om fyrst og lyttar, er han eit forbilde for dei som treng lære si ifrå. Væren er autentisk og sjølvstendig, det er entusiasme og pågangsmot, handlekraft og impulsivitet.

Eg likar denne årstida som er no, der naturen vaskar vekk det gamle (som er Fisken sin energi som vi akkurat har forlete) og  ligg der og dirrar av spenning for det nye som vil koma fram. Vi får alle ein ny start og ein ny moglegheit til å endre på ting vi ikkje likar, og starte på litt ny giv. Ut av hula vår, ut i sola og kjenne vi vert tina opp, utvendig og innvendig. Og spesielt i desse tider når vi har vore mykje heime aleine, så kan vi lettare treffe folk ute, kjenne på ein meir optimisme. Sjå folk kjem ut i hagane sine og ut i naturen att. Det vert meir liv og vi kjenner vårsola varmar.

 Det autentiske - Nytt prosjekt eller lidenskap  



I våren sitt teikn har vi alltid påske. Påskebudskapet er nettopp feiring av noko som dør, som vert gravlagt og som står opp att (veldig forenkla). Som minner om nytt liv og nytt håp. Vi kan alle gjennoppstå i vårt indre, skape oss noko nytt, ha mot og vilje til å kjempe vidare, til å gå den vegen vi ynskjer. Vera autentisk ! Vi treng ikkje gå i alle andre sine fotspor, men finne vår veg. Den vegen DU trur på som er sann for deg. Væren vil gjerne ha noko å brenne for.

 Om du føler for eit skifte i deg sjølv no, at du treng ein ny lidenskap eller eit prosjekt, så la det verta til handling. Kjenn etter om du har ei spire til eitt nytt liv inni deg, og rydd deg tid og plass til det denne månaden. Då kan du ta med deg det dette året framover no. 

Spire av liv  ute og   inni deg

Kjenn etter kor stor flamma i deg sjølv er no. Ta vare på denne flamma, denne spira, denne påskelilja.  Gje den næring så den ikkje slukker, men heller ikkje for mykje næring slik at den fell saman for fort. Om du har for stor flamme, tenner for fort, kan det vera vanskeleg å sjå andre ting rundt deg, eller du kan verta utbrent. Naturen tek alt steg for steg. Er det ei frostnatt stoppar ting litt opp, men når sola tinar att, spirar det vidare. Akkurat slik kan du lytte til din kropp også. Nokre dagar er det tid for kvile, medan andre dagar er det tid for aktivitet og handling. Har du hatt ein roleg vinter og vore mykje inne, treng du ikkje starte med alt på ei gong, men Væren orienterer seg via handling og engasjement.

Palmesundag er det fullmåne, Væren sin fullmåne. Eg likar nesten påske bedre enn jula, men det er fordi eg likar det enkle. Ein kan møtas ute i det fri, til skitur, til sol, til appelsin og kvikklunsj, eller grilling på eit bål. Der ein kan gå i skiklede eller joggeklede og spela yatzy. Det enkle og uforplikta, der været bestemmer kva ein skal finne på. Så kjenn etter kva du ynskjer gjera denne påska, kvar du har din lidenskap. Mange ting er stengt ned, men det er mykje vi kan gjera óg. Kanskje har du endå meir tid til å finne spira i deg ? Vekke opp ditt engasjement for det du ynskjer få til ? Vi startar alle på ein ny runde no.

God påske! 

 Ta vare på gnisten din og  inspirasjonen !