TILLIT TIL DEG SJØLV OG ANDRE

15.10.2018

Nokre gonger må vi setja grenser for oss sjølve, våge gå inn i ein konflikt og si meiningane våre, for at ein skal skape ein djupare harmoni . Verdset du  ikkje deg sjølv kan du ikkje forvente at andre gjer det. Ver sann og ekte mot deg sjølv, og i dine relasjonar


Harmoni via konflikt, ærlegheit og sanning, i ditt ytre liv, men og ditt indre


Sola er framleis i Vekten sitt teikn. Teiknet for balanse og harmoni. Teiknet der ein møter ein partner slik at ein kan si VI. Ha nokon å vera med, nokon å spegle seg i.

Herskaren for dette teiknet er planeten Venus, for alle teikn har ein planet som herskar over seg. Venus går no retrograd i Skorpion og Vekten, som tidlegare skrivi. Kanskje har du merka det, for uansett om du ikkje er fødd i Vekten sitt teikn, så har vi alle Vekten ein plass i horoskopet. 

 Det er som det er masse tankar rundt det å relatere, for Vekten er eit mentalt teikn. Kanskje kjenner du deg aleine og ynskjer ha nokon å vera med, men at du ikkje vil vera med andre for ein kvar pris. Det må vera nokon som støttar deg og dine verdiar, og som du kjenner du kan vera deg sjølv med. 

Om du har ein partner ynskjer du kanskje å relatere på eit djupare nivå.  

Verta meir ekte for å kjenne deg trygg

Når herskaren går retrograd i Skorpion er det djupe kjensler rundt kjærleik og verdiar. Korleis relaterar du ? Kven likar du vera med ? Kven kjenner du deg trygg i lag med ? Kva har verdi for deg ? Blir du den snille, greie som føyer deg, eller er du den som krev å verta høyrt og sett på din måte ?  Det er tid for å kjenne etter om du manipulerar for å få vilja di, eller om andre rundt deg manipulerar deg. 

Kanskje er det tid for å verta meir ekte, koma meir ut med kven du er og la andre elske deg for den du er . Si kva du likar og ikkje likar, ver sann mot deg sjølv og dermed er du lett å tolke for andre rundt deg. Elsk deg sjølv for den du er, utan maske. Si frå om du kjenner deg såra, og reflekter over kven du er når du er saman med andre. Skorpionen er teiknet for transformasjon, så om det er ting du ikkje likar ved deg sjølv, som du ynskjer endre, så gje slepp på det, for at du kan vera meir den ekte deg. Det du kjenner er rett for deg. For det er kun deg sjølv du kan endre på, ikkje partner eller andre.

Juno, gudinna for partnerskap

Juno, asteroiden/gudinna for partnerskap, som syner kven du er i forhold, går og retrograd no. Det startar i Tvillingen, men mesteparten av tida er den retrograd i Tyren. Det handlar om å filosofere over dine verdiar og ha sjølvrespekt. Juno ynskjer vera i parforhold, men då på ein likevektig måte. Korleis kan du best elske deg sjølv, ha ein sunn stolthet, pynte deg og relatere til andre på ein sunn måte ? Finne balansen mellom gje og ta imot. Både Tyren og Vekten vert herska av den feminine planeten Venus. 

Tilpassar du deg for å skape ro ?


Mange kan miste seg sjølv saman med andre. Trur ein må tilpasse seg andre for å verta likt, vera den ein trur andre vil ha. Det held ikkje i lengda og er veldig slitsamt. Kanskje vert du heilt stille og held inne med dine synspunkt, for så å angre når du kjem heim på at du ikkje reagerte. Er ein veldig sensitiv er det lett å verta såra.

Men å angre når ein kjem heim, eller dømme andre i etterkant hjelper deg ikkje. Det beste er om du kan si frå med ei gong, våge syne deg fram. Våge syne dine verdiar og at du meinar det du seier. 

Ut av offerrolla, syne kven du er

Chiron, den såra healaren, har gått attende til Fisken og er retrograd der ei periode. Fisken, det feminine sensitive teiknet, som ynskjer at alle skal elske alle og vera vener heile tida. Som ikkje taklar bråk og uro og heller går inn i offerrolla enn å lage diskusjon. Chiron har vore i Fisken sitt teikn i mange år, men gjekk i april inn i Væren. No når den er attende i Fisken for ei kortare tid, har vi kanskje moglegheten for å rette opp på det vi ikkje tok tak i tidlegare. Det kan vera at du ynskjer vera meir spirituell, få meir balanse i det feminine og maskuline i deg sjølv, eller gjera slutt på offerrolla som du tek på deg. 

 For at Vekten sitt teikn, der Sola er no,  skal få balanse, trengst det iblant ein diskusjon. Den motsette sida treng verta belyst og diskutert for at ein kan hamne midt i mellom, få harmoni. Det er noko som heiter harmoni via konflikt. Det hjelper ikkje å vera konfliktsky heile tida og svelge alt, då vert det slitsamt for kroppen som må bæra på det, og det vert slitsamt å vera deg. Få det ut, våg og setja grenser med å si meiningane dine, på ein ærleg og fin måte.

Djupe samtaler, ekthet

Merkur er og i Skorpionen sitt teikn, så det er tid for dei djupe samtalene om kva ein likar og ikkje likar, kva som er sant og ikkje sant. Få det skjulte fram på bordet, våge vera ekte i ditt ytre liv, men og i ditt indre. Sannhet og ærlegheit mot andre, men fyrst og fremst deg sjølv, er det som held i lengda. Har ein sjølvrespekt møter ein og andre som har det. Likt tiltrekker seg likt.


 Snart kjem Sola etter i Skorpionen sitt teikn og vi har fullmåne i Tyr/Skorpion 24.oktober. Endå meir fokus på kva du likar og vert tiltrekt av.

Ha tillit til deg sjølv og partner, og sjå alt det vakre ved den andre og ved deg sjølv. Du har kome her for å skine, og kven skin du best i lag med ? Kven kjenner du deg likevektig med ?