Eit sterkare nærvær og fokus

06.10.2021

Når du er i kontakt med ditt indre senter, din indre flamme, og står støtt i den, så kan du delta der ute utan å miste deg sjølv.

Vesta - symbolet for din indre flamme

Mistar vi balansen vert vi stressa og uroleg. Vesta hjelper oss med å finne attende  og vera sentrert i oss sjølve.

Vesta er i romersk mytologi ei jomfrugudinne som beskytta ildstedet, heimen og familien. Det var viktig at det alltid var liv i elden og at den aldri slokna. Flamma skulle brenne i huset og i byen, som eit tegn på liv. Ei hellig flamme. Vestagudinnene var utpeika og måtte love å leva i sølibat.

Oversett til vår tid betyr det at vi ikkje let oss forføre, men at vi øver oss opp på å vera heilt i kontakt med oss sjølv. Vesta treng ingen for å kjenne seg heil. Intellektet vårt eller kjenslene våre kan fort dra oss vekk frå kva som er viktig for oss. Det kan gjera at vi ikkje stolar på oss sjølve, eller trur at vi må kjempe oss til ting. Vi kan ofte leite etter ytre anerkjenning og vera redd for å realisere oss sjølve, fordi vi er redd for kva andre vil seia. Vesta konkurrerte ikkje og tok ikkje del i konfliktar. Vesta hadde fokus på flamma og elden, og huslege syslar var viktig. Det å vaske, rydde og bake kan ofte få oss i kontakt med oss sjølve att. 

Om å finne vår  indre  styrke

Når vi vert stressa så mistar vi ofte oss sjølve og vår indre kjerne, vår indre flamme. Vesta kan hjelpe oss å vera i den flamma sjølv om det stormar rundt oss. Vi treng vera heime i oss sjølve og i kontakt med vårt indre og vår sjel, for å leva det livet vi ynskjer. Ofte kan vi kjenne at vi lengtar etter aleinetid og berre vera, vi har ei lengt etter å koma inn i senteret vårt att. Det å rydde i det ytre, i hus og heim, kan gjera at du finn attende til deg sjølv. Mange må ha det ryddig rundt seg for å vera kreativ. Det hjelper ikkje alltid å søke andre, for det er ingen utanfor deg sjølv som kan gjera deg heil.

No når hausten har kome og mange av oss har eit ildsted har du kanskje kjent på kor meditativt det er å sitja sjå på flamma. Eller tenne bål ute og berre vera i flamma og lyset. Kor fint er det ikkje å samlas rundt eit bål. Flamma rensar, den gjer oss ei mental ro.

I horoskopet kan vi finne denne asteroiden Vesta og kva tegn og hus den står i. Eg har prøvd å putte Vesta inn i tolking av horoskopet til folk dei siste åra, for å sjå om dei kjenner seg heime i den, og det gjer dei. Eg fortel dei kvar dei kan finne sin ro, sin indre flamme, og kva som gjer at dei kan koma heim til seg sjølv om dei kjenner seg uroleg i kvardagen. Finn vi eit sterkare senter i oss sjølve vert vi ikkje like redd for å miste, miste oss sjølve til alt som skjer rundt oss. Har du ein sterk Vesta kan du delta i verda, i samfunnet, jobben og vera i forhold utan å miste deg sjølv. Dei som er i god kontakt med Vesta virkar veldig sentrerte, dei har ei god balanse mellom det ytre liv og det indre liv.

Vesta i tegn - kva   treng du for å kjenne  deg sentrert  ?

Væren: Vesta i Væren treng få vera aktiv. Det kan vera stadig prosjekt på gang, men det kan vera vanskeleg å fullføre, då du fort mistar interessa. Kanskje må du øve opp konsentrasjonen din. Du kan vera god til å motivere andre på å koma i gang med ting. Du er sjølvstendig og handlingsorientert. Du treng ein partner som gjer deg fridom, eller kanskje syns du det er fint å vera aleine.

Tyren: Vesta i Tyren treng det stabilt, fred og ro. Kanskje likar du sysle i hagen, vera i naturen, eller bruke sansane dine. All form for skjønnhet interesserar, som kunst, maling, form og farge. Du kan vera veldig sta og ha problem med å sleppe folk til. Stahet er ein stor ressurs for deg, men kan og vera din største utfordring. Massasje og kroppskontakt kan gje deg ro.

Tvillingen: Vesta i Tvillingen set pris på ei god samtale. Kommunikasjon på alle plan er viktig. Er det for mykje tankar og for mykje mental spredning, kan det vera fint og skrive det ned. Få tømt hovudet. Du har mange interesser og likar at det skjer ting, eit aktivt og sosialt liv er viktig, men pass på at du ikkje sprer deg over for mange ting så du mistar ditt senter. Ei god bok kan roe ned.

Krepsen: Vesta trivst bra i Krepsen, då det er tegnet for hus, heim og familie. I heimen kan du finne ro, stelle og stulle rundt andre og halde huset i orden. Du treng at det er ro i heimen og at det kjennes ryddig og fint ut der. Du likar pusle rundt andre, barn og barnebarn, og samle andre i din heim slik at du kan gje av din lunhet, din ro og tryggleik. Pass på at du kjem deg ut iblant.

Løve: Vesta i Løva er kreativ og skapande. Du vil gjerne gjera godt inntrykk og deler du ut ros til andre, så meinar du det. Du treng at nokon gjer deg applaus og støttar deg, slik at du kan få kjenne deg betydningsfull og synleg. Du elskar romantikk og vera litt leiken. Øv deg opp på å leva frå hjartet og gjer det du elskar, uansett kva andre meinar. Mistar du fokus, så ta fram malekosten og skap noko. Leik deg med fargar. Eller inviter inn til selskap.

Jomfruen: Vesta i Jomfruen vil ha det reint og ryddig rundt seg. Det å bake, rydde og vaske kan gje deg ein ro. Du finn tilbake til stillhet og ro med å vera praktisk, gjera ting. Stelling med blomar og planter kan gjera at du gjer slepp på kjenslene som pressar på. Du kan miste deg sjølv om det vert for mykje støy rundt deg, då du ynskjer det roleg og ikkje er glad i andre sitt drama.

Vekten: Vesta i Vekten treng finne balanse i seg sjølv. Når treng du vera aleine og når treng du vera saman med andre ? Du er flink diplomat og er veldig oppteke av partner og forhold, men pass på at du har tid til deg sjølv også. Du treng ein indre fred og vite at du står trygt i deg sjølv, uansett partner. Det å roe tankane kan vera viktig.

Skorpion: Vesta i Skorpion kan vera ein svamp på å kjenne korleis andre har det. Du kan bli sliten av å vera for mykje med folk som du kjenner bær på sorg eller er for negative, det krev for mykje av deg. Du treng finne eit kraftsenter djupt i deg sjølv og kjenne at du står trygt i det. Du har stor lengsel etter å kunne gå i djup union med andre og kjenne deg trygg. Du har behov for nærhet og god seksuell kontakt.

Skytten: Vesta i Skytten treng naturen og kjenne seg fri. Om det stormar rundt deg, så likar du ta deg ein tur ut og filosofere over ting. Du treng finne tilbake til din sanning. Om andre ikkje gjer deg fridom, eller ikkje støttar ditt syn, så kan du fort miste senteret ditt. Du kan ha nytte av å setja deg nokre mål og ha tru på det som er sant for deg. Formidling av din sanning er viktig

Steinbukken: Vesta i Steinbukken likar vera praktisk og er god på organisering. Ting må fungere i livet og det må vera på stell. Pass på at du ikkje tek på deg for mykje ansvar, for du treng ikkje alltid vera den vaksne som passar på alle. Du treng kjenn på fred i deg sjølv og likar gjerne gamle tradisjonar og historie. Det å pusle rundt den eldre generasjon og høyre om livet kan vera fint.

Vannmannen: Vesta i Vannmannen likar gå sin egen veg. Du treng få kjenne deg spesiell og gå den vegen som er best for deg, sjølv om andre meinar det er feil. Du er god til å finne løysingar og inspirere andre til å tenke nytt. Du går ikkje inn i andre sitt drama, då du ser ting frå eit større perspektiv. Du verdset at folk er ulike og vil gjerne tene samfunnet. Humanitært arbeid eller arbeid i organisasjonar kan gjera at du kjenner deg nyttig

Fiskene: Vesta i Fiskene treng fred og ro og kunne trekke seg vekk i perioder. Du er veldig var for andre sin energi og kan lett verta tappa av andre. Om du ikkje får den stilla og roen du treng, mistar du deg sjølv heilt. Brukt naturen, lytt til musikk og gå gjerne ein tur aleine for å rense feltet rundt deg, men hugs at du óg treng delta i kvardagen. Du er veldig empatisk og treng kjenne deg nyttig, men pass på kva miljø du sym i. Du likar ikkje konkurranse eller folk som er for pågåande.