VINTER MØTER VÅR

02.03.2018

Det er bitande kulde ute. Sol og blå himmel, og tusen diamantar som skin om kapp. Det knakar under skoa når ein går, men alikevel sit småfuglen der og kvitrar. Vinter møter vår.


Du har sikkert kjent på kulda desse siste dagane du som eg. Det er bitande kaldt på nasen når ein bevegar seg ut. Bilane hostar og harkar og huset knakar av stivhet.

Eine dagen tok eg meg ein skitur på fjellet med ei av døtrene mine. Minus 17 grader og sterk vind. Det var kaldt i ansiktet, men med mykje klede på kroppen gjekk det fint. Det å koma seg over dør terskelen og berre våge seg ut, det er største bragden. Hetta måtte dragast på og ein måtte gå på. Skiløypa var borte under drevsnøen nokre plassar, og glien var heller dårleg når det var så kald snø. Men det er ei oppleving. Det å kunne trosse vær og vind og koma seg ut og kjenne at ein lever, og ikkje berre sita inne og fyre og vente på noko betre. Om håret stivna, augevippene hadde isklumpar i seg og ein såg ein hadde fått kvitt skjegg,  det vart berre ein fin og lattermild selfie.

Eg tek meg i at eg syns det er så fint når det er så kaldt. Når sola skin frå blå himmel og vi har den enorme snø mengda som vi har no så er det utruleg vakkert. Eg får ein ro inni meg når eg ser denne kalde fine stillheita som kviler i naturen. Når då fullmånen kronar verket på kvelden med å stige sakte opp over åskammen med alt sitt mystiske lys, då vert eg bergteke. Bergteke av denne flotte naturen vi har, og  kor mykje lys denne månen klarar gje oss ein kald vinternatt.

Men når eg vakna i dag tidleg og høyrer småfuglane kvitrar utanfor soveroms glaset, då trur eg at eg høyrer feil. Er radioen på ? Nei. Eg ligg fyrst og lyttar og tenker at no har det vorte mykje mildare, det kan ikkje vera så kaldt no. Men jo, minus 22, og der sit desse stakkars små kroppane i bjørka ved huset mitt og kvitrar om vår. Det er nesten så ein får hug til å be dei inn og si at dei må vente nokre dagar med kvitringa. Ja det har vorte mars, men det er veldig kaldt. De har kome for tidleg i år. Vi er ikkje heilt klar her i nord for dykk enno.

Vi har ei fin tid framfor oss no, men jammen er det flott med kalde dagar i mars óg. Høyr korleis snøen knakar under skoa dine, og samstundes kan du lytte til småfuglane. 

Det er stillheit og liv ! Vinter møter vår !