Astrolog og Terapeut

Tolking av fødselshoroskop

Ynskjer du ei djup, personleg og innsiktsfull tolking av fødselshoroskopet ditt? Er du nysgjerrig på kven du eigentleg er, kva som driv deg, og kva som formar livet ditt?

Horoskopet er som eit detaljert kart over stjernehimmelen den dagen du vart fødd. Det handlar ikkje berre om fødselsteiknet ditt – kvar Sola stod då du kom til verda – men om eit samspel mellom mange ulike faktorar som saman teiknar eit unikt bilete av personlegdom, ressursar og livstema.                                                    

Les meir her:  Fødselshoroskop


Astroterapi – samtale rundt tema

Livet går ikkje alltid på skinner – og kanskje er det nettopp det som er livet. I periodar kan alt kjennast krevjande: i parforhold, på jobb eller når helsa ikkje spelar på lag. Då kan det vere godt å stoppe opp, sortere tankar og sjå situasjonen frå ein ny vinkel.

Ei samtale kan gje rom for å fordjupe seg i eit bestemt tema, få større innsikt i seg sjølv og bli meir bevisst på tankar, kjensler og mønster som opplevast som hindringar – slik at nye val og nye vegar kan bli mogleg.

Les meir her: Astroterapi

Siste innlegg i  min blogg

Elementet Vatn

27.01.2026

Elementet for kjensler og fantasiar – ei rik indre verd med sterke bilete, djup følsomheit og levande innleving. Ein naturleg evne til å setja seg inn i andre, kombinert med sterk intuisjon som gjer det lett å forstå både stemningar og underliggjande bodskap.

Elementet luft

27.01.2026

Luft er elementet for idear og tankar, kommunikasjon, nysgjerrighet og omgjengelegheit. Luft-teikna er Tvilling, Vekten og Vannmann – dei som løftar samtalar, inspirerer andre og set tankane i sving.

Neptun forlet no Fisken sitt teikn og går inn i Væren. Tida er komen for å stiga ut av draumane og verkeleg handle på dei. Alle kjensler, alle illusjonar og alt vi har kjent oss fanga av, kan no sleppast fri – som eit slør som løftar seg. Noko lettar i oss, og ei ny, modigare kraft vaknar til liv. ...