Tolking av horoskop
Fødselshoroskop - årshoroskop - samtale rundt eit tema
Ynskjer du ei djup og personleg tolking av ditt fødselshoroskop ?
Horoskopet syner dine talent, dine gaver, men og dine fallgruver. Vi har alle våre sterke og svake sider, men det er ikkje alltid vi er like bevisst alt. Vi vert tidleg påverka av oppvekst og miljø.
Kven er du når du får vera deg sjølv ? Kva lengtar du etter ?
Innerst inne har du alle svara sjølv, men ein astrolog kan hjelpe deg å bevisstgjera det. Du er så mykje meir enn solteiknet ditt og du er så mykje meir enn det du kanskje vågar vera. Når du får kontakt med ditt indre kan du blomstre fult ut.
Ved å gå til ein astrolog får du nokon til å sy saman alle temaene i horoskopet, i motsetting til eit maskinelt bestilt horoskop. Du kan og drøfte det tema du ynskjer og få belyst det du føler er mest viktig for deg. Ynskjer du maskinelt horoskop, så kan eg sende det på mail: kr 500,-
Fødselshoroskop
Treng dato, klokkeslett og stad du er fødd
Fødselshoroskopet syner dine tema for heile livet. Det som endrar seg er kor bevisst du er dine tema. Ofte er det lurt å starte med å få fødselshoroskopet.
Eg treng nokre dagar på meg for å kikke på det før vi har ei samtale.
Samtala varar litt over ein time og vert teke opp på lydfil som du får tilsendt i etterkant. I tillegg får du dine viktigaste tema tilsendt skrifteleg på mail.
Samtale via oppmøte eller telefon. Evt. facetime.
Pris: kr 900,- inkl. mva
student: kr 800,- inkl mva
Årshoroskop
Gjerne frå bursdag til bursdag
Årshoroskopet syner kva tema som er viktig for deg i året som kjem. Kva område du vil legge ned mest energi, og kvar du vil kjenne på mest vekst.
Du vil få tilsendt oversikt over transittane som er viktige for deg i året som kjem.
Pris: kr 900,- inkl mva. Om eg har tolka horoskopet før, kr. 800,-
Oppmøte er fint, men kan fint takast via telefon.
Fordjupning i tema frå horoskopet
Etter du har fått ditt fødselshoroskop, er det mogleg å ha nærmare samtaler om ulike tema som er aktuelle for deg. Det kan vera at du slit i forhold, familieproblem, jobb eller med helse. Kanskje ynskjer du verta meir kjent med deg sjølv som kvinne, den feminine sida i deg ? Mor-barn tema er eit veldig aktuelt tema.
Eg treng tid i forkant for å sjå nærmare på det, før vi tek ei samtale rundt det.
Pris: kr 700,- for 60 min samtale Kr 400 for 30 min
Ynskjer du fleire timar, så finn vi ein pakkepris !
Parhoroskop
Set gjerne opp parhoroskop om det er ynskje om det. Kr 1 300
Kurs i astrologi
Kurs om Månen