Esoterisk Astrolog og Samtaleterapeut
Mitt navn er Anne Kari Anderdal. Eg er fødd i fisken sitt teikn i 1961 og bur på Gol i Hallingdal.
Eg er utdanna økonom, autorisert reknskapsførar, og arbeide som det i ca 25 år. Eg dreiv mitt eige reknskapskontor med tilsette, til helsa svikta i 2008 og eg måtte selja firmaet.
Sjukdom fører ofte til eit vendepunkt i livet. Eg måtte ha noko som fenga meg, som eg kunne fordjupe meg i på gode dagar når eg var sjuk, og då var det astrologien som gjorde at eg gløymte litt tid og sted. Eg hadde i forkant lyst til å studere psykologi, men fann ut at astrologien har mykje psykologi i seg.
Ellers vil eg vel hevde at eg har stor livserfaring på mange område som kan koma deg til nytte. Særleg innan helse, der eg stadig har møtt utfordringar, heilt frå eg var liten. Så kvifor gjer ein det ? Eg trengte skjøne meg sjølv. Så hard jobbing og mykje viljestyrke har etterkvart gjeve gode resultat.
Som barn var eg høgsensitiv, lenge før det var tema i samfunnet. Når eg skal tolke folk er det god nytte å vera sensitiv, for eg fangar lett kvar skoen trykker. Bruk av intuisjonen i tillegg til det faglege er viktig, så eg kallar meg ofte ein intuitiv astrolog. Det hjelper ikkje med stor fagkunnskap, om eg ikkje klarar sjå deg som person og kvar du er i livet.
Mitt ynskje no er å kunne hjelpe deg som treng forstå deg sjølv bedre, som treng litt innspel, eller deg som vil reise deg att etter vanskar, som vil vidare i livet. Eller kanskje har du vore sterk alt for lenge?
Det er kun DU som kan ta tak i deg sjølv og finne dine svar, ingen andre, men eg kan hjelpe deg på vegen.
Om du kjenner dette er rett for deg, så ta kontakt ! Eg har ulike reidskap å tilby deg !
helsing Anne Kari Anderdal
Utdanning/Kurs
Herkules Astrologiskule v/Gisle Henden
- Esoterisk Astrolog 2009-2015
- Ulike fordjubningskurs i tegn og planetar
-Ulike konferansar i Oslo
Momentumn Institutt v/Olaf Rademacher
- Ulike kurs i familiesystemisk arbeid
- Familiekonstellasjonar og astrologi
Feminin Astrologi v/Karianne Stenshagen
Clairvoyance kurs v/Eva Horn:
Klarsyntkurs v/Michael Winger
Engle-Coach v/Linn Kristin Breivik