
Astrolog og Terapeut

Reading i april - 30min/50min kr 400/kr600

Tolking av fødselshoroskop
Horoskopet er eit kart over stjernehimmelen den dagen du vart fødd. Det er ikkje berre fødselsteiknet ditt som har betydning, dvs der Sola stod når du vart fødd, det er mange ting som spelar inn. Det er 10 ulike planetar i ditt kart som påverkar deg, og aspekt mellom desse. Med dette kartet som vegvisar og ei samtale med deg, kan vi saman få tak på det som er det autentiske deg, og kvar du er på din bevissthets skala.
Vi har alle våre sterke og svake sider, men det er ikkje alltid vi er like bevisst alt. Vi vert tidleg påverka av oppvekst og miljø, og vi møter stadig på valg og utfordringar i livet. Kven er du når du får vera deg sjølv ? Kva lengtar du etter ? Innerst inne har du alle svara sjølv, men ein astrolog kan hjelpe deg å bevisstgjera det.

Samtale
Livet byr på utfordringar, store og små. Då er det fint å ha ein person og dele med, nokon som kan gje litt innspel på vegen slik at ein kjem inn på rett veg att. Små eller store ting, berre slik at ein kjem litt vidare i tankespinnet. I dagens samfunn har dei fleste nok med sitt, og ein treng ikkje helsevesenet for mindre tema.
Eller kanskje ynskjer du gå djupare i enkelte tema i horoskopet. Tema som er viktig for deg akkurat no. Det kan vera alt frå jobb, familie eller at du føler noko har stoppa opp. Horoskopet er eit fantastisk verktøy om ein står fast, eller ein føler noko repeterer seg.
Ellers har eg andre verktøy eg kan bruke i samtala. Som t.d. astrologiske kort, intuisjon min kjem ofte med råd, og livserfaringane mine er store. Samtale i kombinasjon med reading er ein god hjelp for mange
30 min/50 min Telefon eller frammøte.

Reading
Reading betyr at eg koplar meg opp mot dine energiar for å sjå kva som trykker på no. Eg treng ikkje vite noko om deg for å sjå korleis energien din er no.
Det er ein sjel til sjel kommunikasjon, om du vil. Der det høgare styrer kva som kjem gjennom. Ut frå dette har vi ei samtale på tema du ynskjer.
30 min/50 min Telefon eller frammøte

Din veg
Vegen vi skal gå i livet er ikkje varda, og vi kan møte på små eller store hindringar. Nokre av oss får mange fjelltoppar vi må over. Korleis taklar du det ? Kjenner du deg aleine ? Får du den støtta du treng ?
Det handlar om at du er sann mot seg sjølv og finn din indre styrke og ditt indre lys å navigere etter. Bli kjent med din indre natur. Å reise seg etter mykje motgang er hard jobbing, men aller viktigast er vilje til vekst , og styrke til å akseptere. Vi kan ikkje endre fortida, men vi kan prøve å gjera framtida best mogleg.
Om eg får hjelpe deg på litt av vegen, gje deg råd og tips ut frå kurs, utdanning, men aller viktigast mine store livserfaringar, så er det ei glede ! Ingen treng gå aleine. Den beste terapeuten, etter mitt syn, er den som sjølv har erfart og reist seg att. Den kunnskapen er dyrebar, men desto viktigare for meg å få dele av til deg som ynskjer det. Erfaringsbasert kunnskap trengst, i tillegg til helsevesenet !
Samtale - Reading - Fødselshoroskop ! Via telefon eller via frammøte !
(p.s Alle bileta er frå mine turar i naturen)