

Astroterapi - samtale rundt tema
Menneske har eit grunnleggjande behov for å kjenne meining i livet. Nokre gongar er det vanskeleg å få tak i kven ein eigentleg er, eller kva ein vil vidare. Andre gongar er retninga tydeleg, men det kan likevel vere tungt å ta steget mot den endringa ein innerst inne lengtar etter.
Livet kan sjåast som eit stort puslespel, der kvar og ein er sett saman av mange ulike brikker. Barndom, oppvekstmiljø og erfaringar fargar kven ein blir, i større eller mindre grad. For mange tek hamsterhjulet, forventningar og «burde-livet» styringa. I forsøket på å få kvardagen til å gå rundt, og for å tilpasse seg andre, er det lett å miste kontakta med eigne behov, draumar og grenser.
Sinne, sorg, glede, skam og fortvilelse er kjensler som er ein naturleg del av livet. Når kjensler vert fortrengde gjennom mange år, kan dei skape indre spenningar, uro eller til og med sjukdom. Kjenslene viser veg, hjelper til å orientere seg i kvardagen, til å kjenne eigne behov og til å forstå kva som gjer ein glad, trist eller overvelda.
Astroterapi har som mål å gje djupare innsikt i kven ein er. Ved å bevisstgjera det som tidlegare har lege skjult i underbevisstheita, vert det mogleg å sjå eigne mønster, ressursar og utfordringar med nye auge. Slik kan ein verta meir trygg, heil og sann mot seg sjølv. Nøkkelen til varig og positiv endring ligg alltid i ein sjølv!
Via samtale, horoskopet, sterk intuisjon og stor livserfaring, håpar eg å hjelpe deg vidare på vegen.
Om du ikkje er open for astrologi, kan eg i staden bruke mi erfaring i samtale med deg. Ei god, open samtale kan ofte gi nye perspektiv, klarheit og støtte – kanskje det er akkurat det som kan vera nyttig no.
Pris: kr 700/450 50min/30min. Pakkepris kan avtalast.
Den beste terapeuten er, etter mitt syn, den som sjølv har erfart og kjent på – både oppturane og dei tunge dagene. Dette gjer ein djupare forståing, meir ekte medkjensle og eit tryggare rom for endring. I tillegg til eit godt helsevesen.
Velkomen til å ta kontakt !