Velkomen til mi nettside og min blogg !!

28.11.2016

Velkomen til mi nettside og blogg ! Den vert sett i kraft under Nymånen i Skytten 29.november 2016.  Den er ei vidareføring av nettsida  Astrolog-anderdal.com . Bloggen vil verta linka mot mi facebookside :                Astrolog Anne Kari Anderdal. (klikk deg vidare inn på neste side)

Astrologiske tema

Bloggen vil handle om ulike astrologiske tema. Alt frå Fullmåne, Nymåne og når Sola skiftar teikn. Den vil og handle om ulike viktige tema rundt korleis planetane på himmelen står akkurat no.

Planetane sin plassering på himmelen påverkar livet vårt her nede, akkurat som ditt horoskop er eit avtrykk av stjernehimmelen den dagen du vart fødd.

"As above, so below"

Mellommenneskelege tema

Andre tema som eg kjem til å skrivi om, er ulike refleksjonar eg gjer meg. Tema som opptek den enkelte og som vi møter på i samfunnet, og som eg merkar klientane mine er oppteke av.  Å vera høgsensitiv og empatisk er noko eg kjenner godt til.  Og eit liv med kronisk kreft gjer meg mange tankar og refleksjonar. Så får vi sjå kva universet tilbyr.........


 Du er velkomen til å fylgje med på

 bloggen min !                                    Håpar eg kan inspirere deg !