ADVENTSKALENDER - den følsomme tida

02.12.2019

Månekalender - fylg månen i ulike teikn i heile desember !

Har du tenkt på korleis månen påverkar deg ? Nymåne, fullmåne eller kva teikn den er i akkurat no ? Månen påverkar kjenslene våre om vi vil det eller ei.

I heile desember vil eg legge ut bilde og tekst på kva teikn månen er i for tida. Månen går gjennom alle 12 tegn i løpet av ein månad og er ca 2,5 dag i kvart teikn.

Så kan du, om du ynskjer det, kjenne etter korleis det påverkar deg. Om det er stigande måne, fullmåne, synkande  måne eller nymåne. Når kjenner du deg opplagt, når er du meir følsom, når ynskjer du trekke deg meir attende og ha meir stillhet rundt deg, og når har du behov for å vera meir sosial ? Månen påverkar oss og kjenslene våre om vi er det bevisst eller ikkje.

Har du horoskopet ditt kan du fylgje med på kva hus den bevegar seg i i tillegg.

Eg legg ut bilde og tekst på facebook - Astrolog Anne Kari Anderdal eller her på nettsida, på blogg og på framsida.

Ynskjer deg gode dagar i denne følsomme mørketida. Ta vare på kvarandre der ute !

Bilde: Tatt frå mitt soveromsglas under fullmåne i desember for to år sidan.

Månen i ulike teikn

Månen dag for dag i desember

1. og 2.desember:💜 Månen i Vannmann♒

Frihet til å vera deg sjølv, tenke og føle på din måte. Vera sosial, alle er din familie. Stimulere intellektet, vera kreativ, litt opprørsk.

Veksande månesigd 🌛: Fyrste spirene, koma seg ut, energi i fokus.

3. og 4. desember : Månen i Fisk♓️

Meir følsom, lett rørt, ynskje om å gje, vera til nytte. Innovervendt, lydhør for stemningar, behov for stilletid. Lytt til musikk , mediter og legg merke til draumane dine.

5. - 7. desember : Månen i Væren ♈️

Meir handlekraftig, energi, ukomplisert og rett fram. Sinne, utolmodig, må skje noko, kan handle før du tenker. Fint å trene og vera aktiv, få ting gjort, ikkje utset, ver impulsiv. 

8. og 9. desember : Månen i Tyren ♉️ 

Vi går frå ildteikn til jordteikn. Behov for å roe ned, kjenne deg trygg, gjera ting i ditt tempo. Vera praktisk og få orden på ting. Kos deg med god mat og drikke og ta deg ein tur ut i naturen. 

MÅNEN ER VEKSANDE.🌙 Energien vender seg stadig meir utover. Frå nymåne/svartmåne der vi treng meir kvile og meir ro, til fullmånen som bygger seg opp 12.12. Vi vender blikket stadig meir utover, meir energi og meir nysgjerrighet. Meir sosial og meir behov for å delta. Kanskje merkar du at fullmånen nærmar seg no ?

10. - 12.desember: Månen i Tvilling ♊️

Stort kontaktbehov, vera sosial og kommunisere det du har på hjartet. Si kva du meinar og ta fram humoren i miljøet rundt deg. Kan vera litt rastlause dagar med mange idear og inspirasjon. 

Det bygger seg opp til fullmåne 12.desember. 


Fullmåne 12. desember kl 6.12

Kva tankar har du om kva som er rett for deg ? Din stig, din sanning. Få det som gjer deg meining inn i eitt større bilde.

Dette er året 2019 sin siste fullmåne. Sola i Skytten lyser opp fullmånen i Tvillingen. Nokre kjenner på mykje energi og at det er vanskeleg å sove under fullmånen. Frø du sådde under nymånen i slutten av november kan no koma til sitt fulle potensiale.

Det er fin tid for å si det du skulle ha sagt, det du har på hjarte. Kommunisere din sanning og kva  som kjennes rett ut for deg.



Kva har du lært i 2019 og kvar går vegen din no ? Kva har meining for deg i jungelen av alle tankar du sloss med ? Det er mange meiningar og mange talte og skrivne ord der ute, men Skytten ber deg om å finne din veg og din sanning blant alle moglegheitane. Samle kunnskapen du har fått og få det inn i eit større bilde.

Kanskje ynskjer du starte året 2020 med nye tankar og nye idear om kva som er rett veg for deg. Året 2020 vert eitt år for å manifestere all lærdommen din og praktisere det. 

13. og 14. desember: Månen i Krepsen. ♋️

Kan vera lett for å uroe deg og engste deg. Likar og kjenne at du høyrer til. Raske humørsvingningar. Ver med barn og familien og lag god hygge i heimen. Vis omsorg og sympati til andre og lytt til ditt indre behov.

Kanskje kjenner du effekten av fullmånen som var i går enno. Den kan virke 2-3 dagar før og etter den er på sitt største. Mediter gjerne på fullmånen og kjenn etter kva som er viktig for deg no denne tida. Kva gjer deg næring og tryggleik ?

Ta vare på kvarandre der ute 💜

15. og 16 desember: Månen i Løva.♌️

 Sterke kjensler, leiken, kreativ, vera synleg. Si frå, men pass på og ikkje dramatisere, stor viljestyrke. Fine dagar for å vera kreativ og skape ting, danse og ha det moro.

17.og 18. desember: Månen i Jomfruen ♍️

 Forsiktig, tankefull, audmjuk og omtenksam. Skap orden i heimen, rydd og ver realistisk på kva du rekk før jul. Lag ein arbeidsplan og lytt til kroppen din. Sjå om nokon treng din omsorg.

Desse dagane er Månen på nedstigande fase. Ein er der for andre og har hausta frå fullmånen. Ein deler gjerne av sin bevissthet 

19. og 20.desember: Månen i Vekten♎️  

 Fredsmeklar, vil gjerne vera godt likt, ser ei sak frå fleire sider. Underhaldande og behageleg. Ynskje om å kunne dele med nokon. Bruk dagane til å hygge deg i lag med andre, pynt med fargar og ting som skapar harmoni og balanse.

Vi har halvmåne siste kvarter. Litt meir krise i bevisstheten. Kanskje ynskjer vi endre retning. Vi byrjar trekke oss meir inn i oss sjølve.

21. og 22.desember: Månen i Skorpion♏️

Handlekraftig og målbevisst, mot og vilje, uredd. Pass på at du ikkje vert hevnlysten om du vert såra. Litt intensitet er bra, det gjer at du kjenner deg levande. Fine dagar for å få ting gjort. 


23. og 25.desember: Månen i Skytten♐

Optimisme, trong til å koma deg vidare fysisk og intellektuelt. Openhjarta, vennleg med høge forventningar. Fine dagar for å sjå vidare, ha tru på at ting ordnar seg og sjå ei større meining i det du gjer.

26. og 27.desember: Månen i Steinbukken♑

Føtene godt planta på jorda, stor ansvarskjensle, ambisiøs og påliteleg. Steinbukken er tradisjonar og forfedre. Fine dagar for å gjera ting som det har vorte gjort i jul tidlegare. Vera med familien og ikkje ta ting for alvorleg. Ta mot hjelp og ikkje føl at du må gjera alt. Ting ordnar seg.

Nymåne i Steinbukken ♑ 26.desember:

 Tid for å så nye frø, skape seg nye visjonar. Introverte dagar med tid for refleksjon på kva ein ynskjer fram til fullmåne og kanskje vidare for året 2020. Fine dagar for årsregnskap med deg sjølv. Eklipse.

28. og 29. desember: Månen i Vannmann♒

.Månen har gått rundt i alle tegn og vi er tilbake der vi var 1. og 2. desember. Ver fri, ver deg sjølv, ver den individualisten du har kome her for å vera. Beveg deg ned frå tankane dine og lytt til hjartet ditt. Ver noko for deg sjølv, saman med andre !

Godt nytt år !