Aksepter at du ikkje har kontroll og ha tillit.

26.03.2020

Den største utfordringa i dag er kanskje frykten ?!



Vi har ei spesiell tid. Ei tid der mange kjenner på frykt og isolasjon. Frykt for økonomien, frykt for jobben sin, frykt for å verta sjuk, frykt for andre osb. Det er mange slags frykter ute no. Den største utfordringa vi har i dag er kanskje akkurat frykten ?! Om vi gjer oss hen til den og matar den tappar vi oss sjølve. Vi dempar vårt forsvarsverk som vi sårt treng i desse dagar.

Vår verden er sett på hovudet og vil heilt sikkert ikkje verta som før. Det er som om vi kollektivt skal gjennom ein stor transformasjon. Kva som møter oss på andre sida av tunellen veit ingen, men vi veit at vi ein dag kjem ut i lyset. Nye og sterkare gjennom erfaringar på godt og vondt. Det er eg heilt sikker på ! Det er som universet tvingar oss inn i ro og kvile for at moder jord skal få ei sårt og etterlengta kvile. Allereie no ser dei verknadene av dette i Kina, der dei no kan skimte blå himmel som har vore borte i mange år. Det store forureina skylaget byrjar sprekke opp. Vi visste alle at vi trong gjera noko med miljøet, men ingen kunne sjå at vi vart så dramatisk pressa til det, og så fort.

Slepp kontrollen

Vi har ingen kontroll no. For deg som sårt prøver å kontrollere livet, så oppmodar eg deg til å prøve sleppe litt opp på det. Du vert berre sliten av det. For livet er det ingen som kan kontrollere, men du kan kontrollere deg sjølv med å leva eit oppbyggande liv no. Du kan koma deg ut kvar dag og eta sunt. Ikkje verta apatisk og ligge på sofaen og sjå TV. Ta kontroll over deg sjølv og prøv å roe ditt indre. Den ytre verden kan du gje slepp på i stor grad. Du har eit val om kor mykje du vil delta i det ytre og heller gjera det som er godt for deg. Bortsett frå du som er ein helt som jobbar på der ute. Respekt !

Ha tillit.


.

Så frå heile mitt hjarte ber eg deg no ha tillit. Tillit til at det ein dag er over. Tillit til at vi kan møtas att og gje kvarandre ein god og etterlengta klem. Då ser vi kor viktig vi er for kvarandre, kor viktig det sosiale samspelet er. Og då har vi kanskje landa litt og nettopp tek oss tid til å vera der for kvarandre i kvardagen. Eg håpar  det. Verdiane vil nok endre seg og det på ein god måte. Ha tillit til at du kjem til å lære mykje av dette, sjølv om det er vanskeleg no . Om du har det fokuset lovar eg deg at det kan vera lettare å gå vegen, enn om du trykker deg ned i frykt og sinne. 

Min erfaring

Eg fekk så lyst til å skrive dette til nettopp deg som tek deg tid til å lese det. For meg kjennes det som om alt dette er kjent stoff. Som om eg har gått denne vegen i mange år, men då aleine. No er brått du der óg, vi er alle i same båt. Eg låg vaken i natt og tenkte gjennom dette og min veg dei siste åra. Eg fekk konstatert kronisk kreft i 2011 etter mange år med sjukdommen, og all alvorleg sjukdom er ein einsam kamp. Men eg har kjempa meg opp att aleine. Dag for dag, år for år har eg vorte sterkare. Men all frykten, all isolasjon når eg levde med dette aleine, dødsangsten som var der i starten, all energien som forsvant i frykt osb. Kor mange dagar det einaste eg ynskte meg var at nokon kunne gje meg ein klem og si at dette går bra. Berre halde rundt meg. Eg kjente i natt på at det er nettopp det mange opplever no. Frykt, frykt for den ukjente framtida. Behovet for nærkontakt. Ja, det var eit stort tap for meg i ein alder av 50 år og ikkje kunne gå tilbake på min gamle jobb. Vite at eg aldri skulle verta frisk nok til det. Det var tap av jobb, venner og kollega. Mange ulike vonde tap som tok masse krefter.

Aksepter

Eg fann ut etterkvart at eg hadde eitt val og det var: AKSEPTERE. Akseptere at mitt liv hadde endra seg og at eg kunne velje og gjera det beste ut av det. Det tok tid og det var tungt. Men den dagen eg ikkje let andre ha meiningar om kva som er bra for meg, kva eg må gjera osb, den dagen eg klarte akseptere at livet ikkje vert som før, akseptere at dette har eg ingen som helst kontroll over, etter den dagen har min sjukdom vore stabil og energien har bygd seg opp. Den dagen eg slutta kjempe MOT, men MED kroppen og helsa.

No er vi i same båt der vi må akseptere at ting ikkje vert som før. Klarar du kjenne på den, det tek tid og det er vondt og vanskeleg , men klarar du det berre litt om senn, så kan eg love deg at du får det betre. Lytt til deg sjølv og kva som er godt for deg akkurat no ! For meg er naturen viktigare enn folk på vanskelege dagar. For der får eg stilla tankane og kjenslene mine. Der er det ikkje fult av mange meiningar og all ytre stimuli som kan vera slitsamt. Naturen tek deg alltid i mot på dine premissar. Naturen styrker deg og gjer deg ro. Bruk naturen no og søk innover i deg sjølv , så kan vi vera der for kvarandre fysisk når vi får møtas att. Den dagen vi ser av vi klarte dette også ! Saman, men aleine. Inntil då ver i ditt stille, søk innover, stopp opp og bruk alle sansane dine for å sjå kva som skjer i naturen no utover våren . Bruk kreativiteten din. Det er fint og sjå korleis kreativiten i folk blomstrar allereie. Sjå andre moglegheitar der du kan. Slå av nyheitene og spel musikk. Ring ein venn som treng deg, eller du treng no .

For meg endra livet seg frå regnskapsførar til rådgjevar og astrolog. Og veit du, eg saknar ikkje den gamle jobben. Eg elskar den nye! Bygd opp at kurs, utdanning og masse livserfaring ! Det er ein takknemleg jobb og kunne vera der for andre som treng det. Det gjer meg glede og energi. Og no er det som om du har kome opp i min båt, men berre for ei stund skal du vera der.

Eg sender kjærlighet til alle som treng det. Hugs, du er sterkare enn du trur !