Året 2026 - Året for ny start !
Det er store kollektive endringar i samfunnet, men du vil og merke det. Neptun og Saturn går inn i Væren sitt teikn no på nyåret. Uranus og Jupiter fylgjer etter på våren/forsommaren. Sjeldan skiftar så mange ytre planetar teikn nesten samstundes.

Mange ytre planetar skiftar tegn.
Året 2026 er det tid for mange store endringar. Saturn, Neptun, Uranus og Jupiter skiftar teikn og Pluto har akkurat gjort det. Det er eit stort energiskifte. Det vert mykje bevegelse rundt oss, så nøkkelen er å halde fokus på korleis du lever ditt liv.
Pluto, transformasjonsplaneten, gjekk inn i Vannmann i 2024. I Vannmann er det meir gruppetenking, brorskap og ny bevissthet. Vi må tenke nytt og sjå ting i større perspektiv. Vannmann er nytenking og nye moglegheitar med meir fridom.
Uranus inn i Tvilling
Uranus, planeten for nytenking, går inn i Tvillingen i slutten av april. Det er eit skifte i tempo og data og ny teknologi vil styre. Det er dobbelt lufttegn, så då går det fort. Ei overskrift ein dag kan vera heilt endra dagen etter. Kva skal du tru på ? Kanskje endrar du ditt trusystem. Dine tankar rundt politiske ting kan endre seg, samt det som er viktig for deg.
Neptun og Saturn inn i Væren
26. januar går Neptun inn i Væren sitt teikn, og Saturn fylgjer etter 14.februar. Sjeldan skiftar så mange ytre planetar teikn på nesten same tid. Det er stort skifte i det kollektive. Væren handlar om eg, meg, kven du er og kva du vil. Væren er ny fødsel og ny start.
Saturn handlar om form og struktur og det du MÅ gjera. Den bringar inn ansvar, intigritet og handlar om dine ambisjonar. Neptun er dine draumar, idear du har og kva du trur på. Kanskje skal du ta dine draumar på alvor og gjera noko med det. Væren, der energiplaneten Mars herskar, innbyr til handling.
Frå jord og vatn til ild og luft
Vi forlet elementa vatn og jord når alle desse planetane skiftar teikn, og går over i ild og luft. Det er nytenking, action, handling, gjera noko, og koma vidare. Det vil vera endring av det gamle systemet. Det er nye tankesett, teknologi og handling som må få til å jobbe saman. Du kan ikkje vente på at andre hjelper deg, men finne ut kva du vil, gjera noko med det og gå din veg. Mange er kanskje ferdig med å jobbe med seg sjølv, og treng heller integrere det. Du får invitasjon på handling no på alt du har lært.
Det kan vera mykje som skjer ute i samfunnet og mykje kollektiv frykt. Kanskje skal du berre la nyhetene passere og ikkje prøve henge med heile tida. Ting endrar seg fort framover. Vi kjem til å trenge meir fokus på kropp og lytte innover, finne ro. Naturen, yoga og behalde roen vert viktig.
Jupiter inn i Løven
Om dette ikkje er nok, så skiftar Jupiter teikn til sommaren. 30 juni går Jupiter inn i Løven sitt teikn. Ha tru på deg sjølv og gå din veg. Ikkje la deg distrahere av alt som skjer der ute.
Ny start på mange område
Når så mange kollektive planetar skiftar teikn vil det vera uro før det landar i det nye. Vi har vore gjennom prosessar i lang tid, så no gjeld det å handle på det. Det er tid for ny start på mange område, ute i samfunnet, men og inni oss. Når desse planetane skiftar teikn er det energiar vi skal leve lenge med, så behald roen og prøv å finne din tryggleik.
I nummerologien er 2025 talet 9, som er ei avslutning . No når vi no skriv 2026, så har vi talet 1. Talet for ny start. I kinesisk astrologi er det tid for ild hest.
