Ceres -Modergudinna

04.11.2018

Ceres handlar om omsorg og næring, tryggleik og jording.

Ceres er knytt til Moder jord og alt som veks og gror

Der du har Ceres i horoskopet ditt får ein vite meir om korleis du er i omsorgsrolla, og ikkje minst korleis du best gjer omsorg til deg sjølv. Ceres var mor til Persefone i mytologien, så det handlar om å føde og oppdra barn. Vi treng alle nære oss sjølve med det som er viktig for kvar enkelt, men og kjenne oss trygge. 

Ceres er forbindi til kroppen din og jording.  Alle dei nederste chakraene som er energisenter, men spesielt til ditt rotsenter.  Skal vi ha nok kraft i kvardagen sine mange aktivitetar, og ikkje minst stå støtt i møte med andre, treng vi ha god jording. Når du er i kontakt med din kropp og dine behov, står du meir støtt i møte med alt som skjer, og kan gje kroppen din den omsorgen han treng. Det handlar om sunn og næringsrik mat, men og anna næring som du treng for å blomstre. Om det er at du får den via naturen,  via vera med andre menneske som nærar deg,  ved å gå din egen veg, via omsorg til andre eller via arbeide på kjøkkenet eller via Moder jord. Tegnet Ceres står i syner deg det. Når du gjer deg sjølv den næringa du treng, kan du gje av ditt overflod. Ceres har ein instinktiv omsorg til alt levande og er forbindi med alt som veks og gror, spesielt korn. 

Ceres er modergudinna og kanskje den gudinna som er mest viktig å integrere for at du skal kjenne deg heil. Månen syner mykje om mor-datter forhold, men Ceres syner det endå meir spesifikt.  

Sjølv var eg nok den som jobba veldig mykje og trudde at jobb var viktigast ved sida av familien. Det maskuline tok overtak, slik at eg gløymte, eller fortrengte, det å lytte til kroppen min og kva den fortalte. Eg var ikkje flink til å gje omsorg til meg sjølv, så då slo sjukdom meg ut. Kjenner du deg att i det ?Ein vert slått i bakken og vert sjuk før ein tek tak. Ofte er det det mentale og handling som styrer, og ein lyttar ikkje nok til det fysiske, til kropp og helse. Det vert ein ubalanse i det maskuline og feminine i deg.  Eg har i min arv frå tidlegare generasjonar vekse opp med at det feminine, det sensitive og sårbare,  ikkje vart verdsett. Å vera sårbar og sensitiv vart ofte sett på som ein svakhet før.  Kjenner du deg att i  det ?

Om du har ein sterk Ceres er du kanskje ei som har dedikert ditt liv til å ta vare på andre og utstrålar varme og omsorg. Utfordringa kan vera at du gjer meir enn du får og at du ikkje kjenner deg nok verdsett. Det er viktig å finne balansen mellom å gje og ta imot ,og lytte til egne behov og stå støtt i deg sjølv. Om du har ein sterk Ceres kan det og vera at du er svært oppteke av Moder jord og ta vare på henne og miljøet.

Ta kontakt om du kjenner deg att i Ceres og ynskjer finne ut kvar du har Ceres, eller kva du bør gjera for å integrere henne på eit djupare plan.