Elementene-                   Ild, jord, luft og vatn

15.01.2026

 I astrologien er elementa grunnleggande og svært viktige tema. Alle menneske er samansett av desse elementa, men i ulik grad, og det seier mykje om kva type person ein er. Når ein veit kva element ein har Sol, Måne og Ascendant, kan ein raskt gjere ei enkel tolking.

Kva element  råder hjå deg?

Elementa ild, jord, luft og vatn spelar ei sentral rolle i tolking av horoskop og gir eit sterkt hint om kva slags person ein er. Mennesket kan delast inn i fire hovudtypar eller fire temperament, knytt til kvart sitt element. Alle er ei unik blanding av desse fire kreftene, i ulik styrke og variasjon.

Ofte er eitt element dominerande og set tydeleg preg på væremåte, temperament og livsorientering. Andre element kan då vera svakt representerte eller nesten mangle heilt. Nokre gongar er det ei harmonisk balanse mellom alle, andre gongar er det to element som saman tek styringa og formar personlegdomen.

     

 Ildteikn: Vær, Løve, Skytten.                                                            Jordteikn: Tyr, Jomfru, Steinbukk.                                                     Luftteikn: Tvilling, Vekt, Vannmann.                                                 Vatnteikn: Kreps, Skorpion, Fisk.

Ild og luft er dynamiske Yang-teikn, der ildteikna strålar sterkast av Yang-energi. Jord og vatn er mottakelige Yin-teikn, og vatnteikna rommar den djupaste Yin-krafta.

Kva gjer deg ro ?

Om du kjenner elementet til Solteiknet ditt (fødselteiknet), Måneteiknet og elementet til Ascendanten din, får du eit klart bilete av kven du er, kva du treng og kva som gir livet meining. Då blir det lettare å forstå kva som skapar balanse, tryggleik og indre ro.

Ild og luft skapar lett noko saman. Ilden treng luft for å halde flamma levande, og luft treng ild for å gjere alle tankane om til handling, skaparkraft og nye moglegheiter.

Vatn og jord samarbeider lett og naturleg. Jorda treng vatn for at livet skal spire og gro, men ikkje så mykje at alt vert til gjørme. Vatnet treng jorda for å få form, for å kanalisere kjenslene og skape noko konkret. Jorda er kroppen, det fysiske og handfaste, men utan kjenslene vert vi ikkje heile. Då er vi anten berre skjellett – harde og stive – eller berre teddybjørn – mjuke utan retning.

Alle elementa trengst i mennesket. Det vi manglar i oss sjølve, vert vi ofte sterkt tiltrekt av hos andre, eller vi prøver å kompensere ved å overdrive dei kvalitetane vi kjenner at vi ikkje har nok av.

Eg vil dele litt om dei ulike elementa framover no, så heng med !