FISKEN SIN FULLMÅNE 

01.03.2018

Fullmåne i natt 2.mars kl 1:51

Sola i Fisken lyser opp fullmånen i Jomfruen. Fisken søker stillheit og ro, men det er ikkje lett i eit samfunn som krev så mykje. Lytt til kroppen din og stell fint med den, reins ut det du ikkje treng ta med inn i våren.


Natt til i morgo, nærmare bestemt 2.mars kl 1:51 er det Fisken sin fullmåne. Sola står i Fisken sitt teikn i konjunksjon med planeten Neptun, som er herskaren til Fisken. Merkur og Venus står og i Fisken sitt teikn og har gjort det ei stund.

Fisken er eit sensitivt vannteikn. Om du har kjent på sterke kjensler dei siste dagane, så kan fullmånen i Jomfruen hjelpe deg å finne jording.


Sola i Fisken sitt teikn

Fisken sitt teikn er knytt mot noko større som kan opplevast via å berre vera, ikkje gjera heile tida. Fisken treng trekke seg vekk iblant og flyte vekk frå kvardagen sitt stress og mas. Det kan vera meditasjon, musikk eller bruk av naturen. Fisken ynskjer fred og ro og at kjærleiken rådar, men det samfunnet vi lever i tillet ikkje denne stillheita og roen som Fisken så sårt lengtar etter.

Månen i Jomfruen sitt teikn

Sola i Fisken lyser opp fullmånen som står i Jomfruen sitt teikn. Jomfruen minner oss på at vi har ein kropp og ei helse vi må ta vare på. Hugs at kroppen din er sjela sitt tempel. Jomfruen veit at ein må ta tak og gjera ting for å få resultat. Jomfruen ynskjer at det er rutine og struktur i kvardagen, så har du feriert og seila litt rundt nokre dagar, så er det tid for å ta ein sjekk med kroppen din og koma inn i rytmen att.

Reins opp og gje slepp

Vi treng ein aktiv kvardag og vi treng ferie. Fisk og Jomfru er to polaritetsteikn som ynskjer vera i teneste og hjelpe andre, men det må ikkje vera til ein kvar pris. Fisken kan fort gå inn i ein offermentalitet . Om du ikkje set grenser for deg sjølv og din helse, så går du tom. Neptun som står i opposisjon til fullmånen minner oss på immunforsvaret vårt. Med fullmånen no kan du ta ein indre sjekk med korleis kroppen din har det. Er du i kontakt med kroppen og steller du fint med den ? Føler du at du sym i forureinsa vatn, så trekk deg tilbake i stillhet og la deg verta reinsa ved å berre vera i deg sjølv . Fisken er eit teikn som kan gje slepp på alt som ikkje tjenar ein lengre, og Jomfruen hjelper deg gjerne med å rydde opp.

God fullmåne !

ps. Vi vert alle påverka av fullmånen, uansett når vi er fødd. Sjå kva område du har 11gr Fisk eller Jomfru i ditt kart.