Fisken sin fullmåne 9.mars

09.03.2020

Ha tillit til alt du ikkje kan eller bør kontrollere

Tillit versus kontroll


I dag 9.mars kl 18:47 har vi Fisken sin fullmåne. Sola står i opposisjon til Månen i Jomfruen. Månen er det feminine aspektet i oss, det mottakelege, det ubevisste. Når Sola no lyser opp Månen i Jomfruen får du belyst kjensler rundt din kropp og din helse . Den ynskjer gjera deg bevisst om dine rutinar og struktur i kvardagen. Har du ein kvardag som fungerer godt eller er det ting du ynskjer endre på for at du skal kjenne deg betre. Fisken er flink til å gje slepp på det gamle som treng endras.



Vera i teneste og bruke det sensitive

Fisk og Jomfru er to sider av same sak. Begge ynskjer vera i teneste og kjenne seg nyttig og er sensitive teikn. Fisken sitt teikn er den som kan ofre seg heilt for å gje til andre. Kjærligheten til alt og alle kan vera så stor at ein gløymer sjølv at ein har ein kropp og ei helse ein skal ta vare på. Det kan vera heilt ubevisst fordi ein ikkje kjenner kvar grensa mellom seg sjølv og andre går. Men når ein er bevisst seg sjølv og sin helse, er det stor gåve her i å kunne gje. Gje i form av å vera . Vera den du er og utstråle frå ditt indre.

Neptun som herskar i Fisk står saman med Sola no på fullmånen, så det er ekstra mykje sensitivitet i denne fullmånen her. Kanskje kjenner du deg sårbar og open og har hatt behov for stille dagar for deg sjølv fordi du sensar så mykje der ute. Eller kanskje har du kjent deg meir kreativ. Bruk naturen og føl !

Tema rundt kontroll versus tillit kjem på banen no. I Fisken berre skjer ting om alt er i flyt. Fisken har med noko større å gjera, noko utanfor vår kontroll. Er vi over i Jomfruen har vi full kontroll og ser alle detaljane.

Prøver du å kontrollere livet for mykje slik at du kan gje litt meir slepp og ha tillit til at ting ordnar seg, eller føler du det flyt litt mykje slik at du treng meir kontroll på enkelte område i livet ditt ? Vi har fleire planetar i Steinbukken no som hjelper deg med grensesetting og jording om du treng det, men Fisken ynskjer at du skal stole på den større kjærligheten. At ting er utanfor vår kontroll og at det er noko større som styrer oss.

Merkur har gått retrograd no i 3 veker og snur no i morgo, omtrent på fullmåne. Kanskje vert det meir klarhet i ting etter kvart. Det kan vera moglegheitar du før ikkje har sett som du kan realisere no framover. Fisken er tegnet for draumar og illusjonar. Så kanskje ser du draumane dine meir klart, som om det vil sleppe litt skodde rundt alle tankane dine.

God fullmåne kjære deg, og bruk naturen !