Fullmåne 18.januar

16.01.2022

Årets fyrste fullmåne nærmar seg. 

Sola i Steinbukken lyser opp fullmånen i Krepsen. Kva gjer deg trygghet ? Kvar kjenner du deg heime ?  Gje plass for din sensitive og sårbare side. La kjenslene du har bore på koma fram, om du kjenner at det har hopa seg litt opp i det siste. Det er slitsomt for kroppen og bere på alt av innestengte kjensler. 

Tysdag har vi fullmåne i Krepsen.

Natt til tysdag 18.januar står Sola i Steinbukken og lyser opp Månen i Kreps. Mange kjenner på sterke kjensler ved fullmåne, og no når Månen står i sitt eige teikn, kan det vera ekstra kjensler som kjem fram.

 Steinbukken sitt teikn er den ansvarlege, den vaksne, det offentlege, styresmakter. Den som veit at skal ein nå målet er det hardt arbeid som ventar og at ein må ha tolmod. Steg for steg gjer solid grunnmur å bygge vidare på . Steinbukken planlegg nøye og set grenser for sløsing av tida. Det er noko solid og stødig over dette tegnet. Steinbukken jobbar for resultat. 

Krepsen-det  indre,  dine kjensler.

Krepsen er den omsorgsfulle moderen som gjer mat og hus til trengande. Som har mykje omsorg å gje til «sine barn», som er sensitiv og sårbar. Månen høyrer heime i Krepsen. Månen i horoskopet står for kjensler, for familie og tryggleik. Månen i horoskopet fortel deg kvar du kjenner deg trygg, kvar du kjenner deg heime. Mange kan verta ekstra følsomme ved denne månen, men kjenner du på tårer eller sinne, så la det kome. Det sensitive og sårbare har ein plass i oss alle, og noko er kanskje klart for å forløysast no.

For i tillegg blandar Pluto seg inn no, då Sola står i konjunksjon med Pluto. Transformasjonsplaneten, den som dreg det skjulte opp. Som veit at sanninga må fram for at ein skal få meir styrke og balanse. Som hjelper til med at ein gjer slepp på gamle drama, gamle sår. Som hjelper oss å heale. Ta ansvar for deg sjølv og gå vidare. Du er sterkare enn du trur !

Det er heftige tider no. Styresmaktene har bestemt at samfunnet skal opnast meir opp no, men mange går rundt med frykt for kva som skjer. Frykt for at ein sjølv vert sjuk og kor sjuk ein vert, særleg alle som bur aleine. I den motsette skalaen står tillit. Tillit til at alt ordnar seg på best måte. Til at ein får den hjelpa ein treng når ein ber om det. Krepsen gjer omsorg til andre, men treng og gje omsorg til seg sjølv og det indre barnet. Vi har alle eit ansvar for å passe på oss sjølve på best mogleg måte og setja grenser for oss, men samstundes treng vi delta der ute og møte andre. Det er alltid nokon som treng deg der ute, eller som kan gje deg omsorg om du vil.

Jupiter er i Fisken sitt teikn og forstørrar alt den kjem i kontakt med. Fisken er eit vanntegn, det same som Krepsen og Skorpion. Vi har nedbør, flaum og store vannmengder no og vil kanskje få møte med det fram til mai.

Mindre grensesetting - meir omsorg

Vi er alle lei pandemi og begrensningar og vil bevege oss fritt. Sjølv skal eg på Rikshospitalet på årleg helsesjekk no i veka, men legetimen er gjort om til telefontime, i år som i fjord. Vi møter litt lukka dører framleis. Det er ikkje det same og sitja i telefon og få beskjedar. Men eg håpar og trur at vi snart er ute av dette, og at vi har lært ein del av det. Eg håpar vi set meir pris på å møtas, på å kunne vera kulturelle, på å kunne gå på konsert og kafe utan frykt for å bli smitta eller smitte andre. På at vi kan gje ein klem til dei vi ynskjer og at vi kan kjenne på ein trygghet att ute i samfunnet. Mange er mest redd for at ein kan gje andre smitte. Denne samvittigheten som mange av oss har.

For oss som bur aleine må vi finne ein balanse i alt dette. Kor mykje skal ein sitja aleine og kor mykje delta der ute. Kjenn etter kva som har verdi for deg. Kanskje kosar du deg i eige selskap, meir enn du trudde? Kanskje har du funne ein ro i ditt indre desse siste åra, fordi du har vorte pressa til å vera meir heime ? Men la nettet og sosiale media få kvile no !! Ver i deg sjølv og ikkje i alle andre der ute. Sjekk etter korleis du har det fyrst, før du sjekkar kva som bevegar seg der ute. Det skapar meir uro som du ikkje har behov for, og gjer at du mistar noko av deg sjølv og kva du trur på. Det som har verdi for deg finn du med å stå trygt i deg sjølv. Vi vert lett dratt med i ting no når Jupiter og Neptun står i Fisk. Sjølv har eg mange planetar i Fisk og veit kor lett eg blir drege med i sluket. Då må ein berre setja grenser og passe på kva vatn ein sym i. Bruk naturen og kreftene der til å heale deg, og hald deg jorda  ! 

Meir kjærlighet, trygghet og omsorg i samfunnet.

Ta ansvar for deg sjølv og gje deg sjølv all den omsorga du har fortjent, før du gjer til andre rundt deg som treng deg. For det er mange som treng deg ! Vi treng eit varmare samfunn no snart, der vi alle kjenner oss inkludert. Der vi alle kan delta utan frykt og der vi kjenner på ein meir omsorg i at folk har tid til kvarandre. Eg håpar og trur på det ! Og vi kan alle bidra på vår måte !

God fullmåne, kjære deg !