FULLMÅNE I SKYTTEN 14.DESEMBER

13.12.2016

I natt er det fullmåne i Skytten kl. 01.04. Når vi har kome fram til fullmåne, er det ein fullending av ein syklus. Det frøet du sådde ved nymåne i Skytten har no kome til sitt potensiale.

Sola står i Skytten sitt teikn og lyser opp fullmånen i Tvillingen. Skytten handlar om visdom og kva du trur på. Om målet ditt der framme og visjonen du har. I Skytten kan vi koma i kontakt med det vi brenn for, ein lidenskap vi har eller noko vi trur sterkt på. Det åndelege og spirituelle høyrer heime her. Det same gjer ynskje om ein større meining og ei større innsikt i livet. Kanskje sjå ein større samanheng i ting. Kvifor ting vert som det vert.

I Tvillingen samlar vi kunnskap og vi formidlar det. Vi søker litt her og litt der og skal samle dette til ein visdom i Skytten. Om vi rastlause rasar rundt i dagens samfunn og søker litt her og litt der, berre for å tru at vi treng større kunnskap om alt heile tida, så får vi ikkje det større bilde. Vi må iblant setje oss ned og spørje om vi treng alt dette vi les og høyrer rundt oss. Treng vi all denne informasjonen vi vert mata med. Vi må sortere ut og setja oss mål i Skytten . Vi kan velje å kunne lite om mykje, eller vi kan velje å setja oss mål i Skytten. Samle kunnskapen til ein visdom, noko vi ynskjer verta god i.

Sola står i konjunksjon med Saturn. Om du ikkje har gjort heimeleksa di, kan du føle at vert stoppa og treng lære meir. At du ikkje skal gå for fort fram og tru du kan alt, men at du skal ha ei viss tyngde i ryggsekken din. Saturn som er den strenge læremeisteren og hersker over våre karma, prøver å lære deg noko.

Sola og Månen står i kvadratur til Chiron, våre sår. Det kan vera nokre sår og gamle ting som dukkar opp for at du skal heale det før du går vidare. Legg merke til kva som kjem til deg.

Kva er din lidenskap ? Kva brenn du for ? Og er du modig nok til å sjå at om du har samla ny kunnskap i Tvillingen og ser at ditt syn har endra seg på ting, kan du då skifte retning ? Dette er spørsmål du skal ta for deg under fullmånen. Kva seier din intensjon om kva er rett for deg ?

Eg ser målet. Eg når dette målet. Deretter ser eg eit anna mål.

Lå fullmånen no gje deg ei større innsikt i livet ditt. Kanskje får du ei større forståing av korleis ting heng saman, slik at du trygt kan gå vidare på din veg ! Mot ditt mål !

God fullmåne !