FULLMÅNE SUNDAG 3.DESEMBER

01.12.2017

Skytten sin fullmåne sundag 3.12 kl 16:46

Sola og Månen står på 11 grader Skytte og Tvilling, så har du planetar rundt der, vil du kjenne den ekstra sterkt.


Sundag er det fyrste sundag i advent og fullmåne kl 16:46. Nokon har kanskje kjent på at den bygger seg opp allereie. Her på Gol skin den inn glaset mitt no, stor og fin i det kalde, klare , vakre vinterlandskapet vi har ute no. Moder Jord har dekka seg til under det kvite teppet og tek seg ein etterlengta kvil. Kanskje kjenner du på at du vert følsam under denne fullmånen og har lyst til å trekke deg inn under eit teppe og reflektere litt over livet . Denne fullmånen handlar om å bruke intuisjonen din og gjera det som kjennes rett ut for deg .

Sola står i Skytten sitt teikn og lyser opp Månen i Tvillingen. Same dag som vi har fullmåne går Merkur, som herskar over Tvillingen, retrograd. Den vil gå retrograd i tre veker og ber deg lytte innover i staden for å vera så mykje der ute. I denne perioden møter Merkur på Saturn, vår store læremeister, heile tre gonger. Kanskje kjenner du deg stoppa, at noko utfordrar tankane dine og arbeidet ditt. Om du prøver å kontrollere tankane dine og alt ned til minste detalj, så fører det til eit stort stress. Kanskje går tankane tilbake i tid, på det som har vore, og kanskje kjenner du på litt tungsinn, men vit at det går over.


Presten møter budbringaren


Neptun er på 11 grader i Fisken, heime i sitt eige teikn, og dannar eit nøyaktig kvadrat til Sol og Måne. Kanskje kjenner du deg sensitiv og open og har lyst til å dagdrøyme litt, flyte litt vekk frå kvardagen sitt kav og mas. Energien er kanskje ikkje på topp og du kan kjenne deg slått ned av alle energiane rundt deg. Ikkje ta det for seriøst, vit at det går over og flyt litt med. Det er ikkje tid for den store diskusjonen med nokon no. 

Dette er ein veldig spirituell fullmåne. Mange kjensler kan dukke opp, men via å søke inn kan du finne ut kva som er sant for deg. Om du er religiøs eller spirituell, så kan du kjenne på at trua di vert utfordra. Det er alltid sunt og søke inn i periodar for å sjå om meiningane dine treng justeras og om du hevdar din rett i tide og utide, eller om du er den som lett fylgjer det andre hevdar er rett. Dette er presten som møter budbringaren. 

Kva er sanning for deg ?

Både Skytten og Tvillingen er dualistiske tegn og står heile tida og vippar mellom å leva etter sine dyriske behov, det materielle prinsippet, og dermed leva det personlege livet fult ut, ELLER å gå i favør av sjelen sitt lys og dine indre verdiar. Dette er viktige refleksjonar i denne tida der kassene på butikkane går varm og vi mistar heilt tankane rundt kvifor vi feirar jul. Kanskje finst det andre ting enn det materielle som er minst like viktig. Eller kva trur du ?

 Lytt til intuisjonen din i desse dagane og stol på at det du kjenner er rett for deg. Gamle trusystem du har med deg kan vera moden for å endras på. Om du kjenner deg open rundt denne fullmånen, så rydd deg litt tid til å vera spirituell eller åndeleg.

Det er ein fin dag på sundag for å tenne lys, meditere, søke naturen, lese bøker, lytte til musikk, kanskje gå i kyrkja for å høyre på ein julekonsert. Det er ikkje ein dag for å ta store avgjersler eller tungt arbeid, det kan vente til energien er der att.

Seek not to understand that you believe, but belive that you may understand

                         Saint Augustine

Bileta er av Gol kyrkje og over Gol sentrum fre 1.12.17