Ild - Mot til å vera deg sjølv

17.01.2026

Ild er elementet for handling, initiativ, entusiasme og tru – krafta som set ting i rørsle. Ild-teikna er Væren - Løva - Skytten.

Alle ber på ein indre ild – eit sterkt ynskje om å vera ekte og stå trygt i seg sjølv. I naturen er sola ei mektig ildkraft som gjev liv til menneske, plantar og dyr. Ho strålar varme og lys, og er djupt livgjevande.

Inni kvar og ein ligg ei indre sol som gjer at ein kjenner seg full av energi, glød og entusiasme. Når ilden er sterk, kjem initiativet lett, og inspirasjonen smittar over på andre. Ideane boblar, eventyrlysta vekkast, utfordringar vert spanande – og impulsen til å hoppe ut i det nye kan vera både kraftfull og uimotståeleg.

Ildteikn er ofte kreative, sjølvstendige og fulle av initiativ. Dei treng ikkje støtte frå andre for å setja i gang nye prosjekt – dei berre gjer det. Det er ekte individualisme. Dei har mot til å vera seg sjølv, og ei sterk tru på eigne val. Ildteikn er naturlege leiarar fordi dei er viljesterke, optimistiske og ser moglegheiter der andre ser hindringar. Dei har ein entusiasme, iver og glød som skapar liv, energi og aktivitet rundt dei.

Er du ildteikn, handlar livet om å gjera noko som verkeleg motiverer, som tenner gnisten i deg. Noko som gjer deg varm innvendig og fyller deg med kjærleik og engasjement. Det viktige er at du ikkje let ilden slokna, men omgjev deg med menneske som gjev næring til gnisten din. Som skapar sanning og meining, slik at du kan tru på deg sjølv og det du står for. Hugs at ilden kan spreia seg fort – og at di indre flamme kan inspirere mange.

Negativt med ild 

Treng spenning, engasjement og dramatikk framfor stillstand og kvardagstralt. Når det skjer lite, kan dei lett bli nedstemte eller deprimerte. Dei handterer ofte sinne betre enn sorg og depresjon – ilden blussar raskt opp, men sloknar like fort, og interessa kan forsvinne brått. Ildteikn kan bli fort irriterte og rastlause om ting ikkje går så raskt som dei har sett for seg. Dei kan også framstå som eigenrådige, dominerande, demonstrative og sjølvsentrerte.

Mangel på ild

Det kan bli vanskeleg å gripe tak i det som verkeleg betyr noko, og ein kan lett gå i sirklar utan å kome vidare. Eit passivt og stilleståande liv kan bli resultatet, med lite glede, inspirasjon og vitalitet.

For mykje ild

 Når ilden får flamme fritt, kan ein brenne seg ut. Ein vert lett tent, full av inspirasjon – og gjer for mykje på ein gong. Då kan det bli vanskeleg å finne bremsen og moderere seg. Fyrst full fyr, så berre ein svak glød. Målet er å halde ein jamn, nærande flamme.

Kolerisk temperament: livleg, intens, hissig, impulsiv og aktiv – eit temperament som både kan skape store ting og slite ein ut om det ikkje blir balansert.

Ild teikn: Vær – Løve – Skytten