Elementet Jord
Jord er elementet for sinnet og materien. Det er fastheit, praktisk sans og realisme. Dei er tryggheitsorientert og veit å nyte, men kontrollbehovet kan vera stort.

Jordteikna lever best med orden og struktur, ikkje med raske og uforutsigbare endringar. Ein veit kva ein har, og ikkje kva ein får. Jordteikna veit at alt som er verdt noko, tek tid. Dei står med føtene godt planta på jorda, tenkjer langsiktig og planlegg handlingane sine nøye. Det er den stabile bonden som står opp kvar morgon, fylgjer naturen sin rytme og gjer arbeidet sitt steg for steg.
Jordteikna søkjer tryggleik, særleg gjennom alt som er stabilt og varig – klare avtalar, levande tradisjonar, eigedom og materielle verdiar som gir ein konkret og påliteleg grunnmur i livet.
Dei veit å nyte og verdsette dei mange gledene i livet, alt det sanselege. Dei kan verkeleg kose seg med eit varmt bad, ein god middag, elskov og nærleik til naturen – og finn ro, glede og påfyll i slike stunder.
Jord står for den fysiske kroppen og den næringa som trengst for å ha det godt. Dei er flinke til å bruke kroppen sin, set pris på det konkrete og handfaste, og ønskjer å leve eit roleg og stabilt liv utan for mykje drama. Tyren dyrkar og byggjer opp om våren, Jomfruen haustar og sorterer, medan Steinbukken tek ansvar for at ting fungerer og held ut over tid.
Mangel på jord
Mangel på jord kan gi ei kjensle av ustabilitet, slurv og ei upraktisk legning. Det fysiske livet får mindre tyding, og kvardagslege oppgåver kan lett bli gløymde. Dei kan til dømes gløyme å vatne plantene, betale rekningar eller ta vare på eigne kroppslege behov, som å få nok søvn og kvile.
For mykje jord
For mykje jord. Når det er for mykje av elementet jord, kan ein lett bli styrt av materialisme og grådigheit. Ting og eigedelar får for stor plass, og behovet for tryggleik og komfort blir så sterkt at ein unngår endring for ein kvar pris. Kontrollbehovet veks, og merksemda festar seg nesten berre ved den ytre verkelegheita.
Flegmatisk temperament; tendens til pessimisme, overdriven forsiktigheit og sterk konservatisme.