KVA ER Å LEVA ?

02.02.2018

Eit stort spørsmål som kvar enkelt må finne ut av, men har du stilt deg det spørsmålet ? Kva er å leva for deg ? Er du alltid i dit ytre når du lever, eller kan du kjenne att du lever i ditt indre med berre å vera ? 


I dag kjenner eg på stillhet, stillhet i meg sjølv og stillhet i naturen. Det er kaldt, blå himmel, skogen er heilt stille, dekt av kvit, tung snø. Tusen diamantar. Det er eld i omnen. Lysande eldfulle flammer som gjer liv og lys, og etter kvart varme i huset. Det er total stillhet bortsett frå knitring i omnen. Ingen radio, ingen sosiale mediar som treng sjekkast. Det ringer ein telefon, ja to, men eg tek den ikkje. Stillhet, eg vil ha stillhet, ikkje bryt den for meg. Eg vil kjenne på stillheten i det ytre og i det indre. Fred. Ingen kamp, ingen uro, ingen tankespinn, berre fred. Total stillhet i den elles støyande verda.

Ro, total ro i det ytre og i det indre.


 


Når auga mitt søker ut av vindauga ser eg berre stillhet. Ingen er ute i nabolaget, det er kaldt, det er stille. Kun ein fugl eller to flyg forbi. Ingen kvist rører seg. Alt liv i naturen har kvile under masse kvit, tung snø. Eg sit i stolen min ved vindauga og kjenner eg berre er. I am - eg er - ohm. Auga får kvile langt der borte, der sola kryp nedover lia, litt etter litt. Meir og meir av dalsida får lys, og i morgo kjem du attende til meg etter 3 månader utan deg, kjære lysande, livgjevande sol. Inntil vidare har eg berre lyset i omnen og i lampa på kjøkenet. 

Nærvær til livet .

Eg pustar ! Eg er ! Eg lever så totalt akkurat no !! Eg høyrer suset i venstre øyra, eg kjenner at magen ynskjer mat, eg kjenner pusten min langt ned i magen. Eg brygger meg ein god kopp te, og i dag er det den gule koppen som vinn. Det er den rette koppen i dag. Eg berre er, og eg har ikkje lyst til å bryte. Ikkje vil eg ta telefonen, ikkje vil eg slå på radioen som alltid brukar stå på, ikkje vil eg sjekke sosiale media. Eg vil berre kjenne på denne totale roen. Eg reiser meg berre for å legge på ein vedkubbe på omnen og for å hente papir og ein kulepenn. Eg må ingen verdens ting !

Eg lever ! Etter mange års kamp med meditasjon og indre søking har eg endeleg funne det eg har leita mest etter, stunder av total ro. Det har vore fleire slike dagar siste halve året, men forsterka seg dei to siste månadene. Eine dagen det kom til meg i starten av januar sat eg stille i stolen nesten heile dagen, eg var så redd for at roen skulle forsvinne og at støyen skulle innhente meg. Visste eg hadde kjent på dette før, men det er berre så ubeskriveleg godt. Det slær faktisk ein god kopp te og ei god sjokolade, noko som er min favoritt kos :-) No veit eg at det kjem attende, denne kontakten med det indre, med sjela, med pusten, med det som gjer liv.  Total ro, om eg sjølv ryddar plass til det. Kontakten er oppretta ! Enorm takksemd til livet, til naturen og ein hyllest til meg sjølv som har stått i alle stormane, jobba hardt, og hatt trua på at den finst der inne. Denne stillheten, dette nærværet . Eit nærvær til sjølve livet !

For meg er det å leva heilt og fult ! Frå ytterst til innerst, frå topp til tå.