MÅNEFORMØRKELSE 11.FEBRUAR

10.02.2017

Vannmannen sin fullmåne

Natt til laurdag har vi måneformørkelse kl 1:32. Det er Vannmannen sin Fullmåne. Sola og jorda og månen står på rett linje, men det er ikkje ein fullstendig måneformørkelse som vi hadde i 2015. Det er ein halvskugge måneformørkelse som ikkje er lett å sjå frå jorda. Den formørka delen av Månen har eit svakare lys enn resten av Månen. 


Energiane rundt ein formørkelse er ekstra sterke, sterkare enn ein vanleg fullmåne. Fullmånen no er på 22 grader Vannmann og 22 grader Løve, så har du planetar rundt der i horoskopet ditt, vil du merke det ekstra godt. Mange har kanskje kjent på det allereie i forkant av denne fullmånen. Det er som det bygger seg opp energiar, for så å dale etter fullmånen har vore.   

Sensitiv

Nokre fullmånar merkar ein bedre enn andre, etter kor det treff i ditt horoskop. Eg har merka denne her godt, då den treff ein viktig planet i mitt horoskop. Nokre vert meir sårbare og emosjonelle, nokre vert meir kreative og aktive. Andre vert meir spent i kroppen, kan få væskeansamling og får ikkje sove så godt. Det kan vera draumar som dukkar opp for å syne deg noko.

Når det er fullmåne er det fullføring av ein syklus. Det er ein ny start og tid for å legge gamle ting bak deg ved denne formørkelsen. Tema i livet ditt vert opplyst slik at du kan erkjenne det, vekse på det og gå vidare og legge det gamle bak deg. Det handlar om å styrke ditt indre. Tema som er aktuell for deg er der Månen treff i ditt horoskop. Tema måneformørkelsen får fram jobbar gjerne i deg i ca 6 mnd.

Månen i Løva

Sola står i Vannmannen sitt teikn og lyser opp Månen i Løva. Det handlar om at du kan bevisstgjera gamle ubevisste mønster som høyrer til Løva sitt teikn. 

Løva er eit fast ildteikn. Løva er symbolet for hjarte og hjartevarme og ditt ego. 

Ditt ego vert belyst no. Korleis skin du saman med andre ? Korleis brukar du ditt ego ? Vågar du vera den individualisten du har kome for å vera ? I Løva sitt teikn ligg egoet vårt, kreativiteten vår, det vi ynskjer skape i livet. Det handlar om å vera deg sjølv, vera ekte. Løva er og knytta til kjærleik, glede, dans og moro. Korleis du forheld deg til desse temaene er ting som vert belyst no. Prøv å sjå deg sjølv frå utsida for å få tak i det. 

Vannmannen sin fullmåne



Vannmannen minnar oss på at vi høyrer saman i ei stor gruppe . Du er kun ei brikke i samfunnet, men alikevel viktig. Om du har kontakt med ditt hjerte og stråler ut frå det, kan du vera noko for andre. Det handlar om å vera eit godt medmenneske. Når hjartevarmen er knytta saman med kunnskapen du har tilegna deg i livet ,kan du vera den som utgjer ein forskjell for andre.

Vannmannen er det teiknet som skal gje av sin kunnskap til andre. 

 

 Å vera eit godt medmenneske er aktuelt tema i det samfunnet vi lever i. Vi har våre nye landsmenn, dei som har store traumar, dei svake og trengande, og dei som berre treng deg akkurat no. Vi bur på same planet og vi ynskjer alle verta sett. Nokre gonger må vi gløyme oss sjølv litt å vera der for andre. 

Om du klarar legge vekk egoet ditt og føle at du er der sterkt for andre, får du ei stor gave tilbake som styrkar ditt ego. Det handlar om å vera ein del av fellesskapet med det du har å bidra med !

Ver deg sjølv ! 

Utstrål ditt sanne ego og la kjærleiken få lyse frå hjartet.

For deg sjølv og for alle andre !


GOD MÅNEFORMØRKELSE !!