6 planetar i Steinbukken og Nymåne 17.januar

15.01.2018


Vi har 6 planetar i Steinbukken sitt teikn no, og natt til onsdag 17.januar har vi Nymåne i Steinbukken

I dag, 15.januar, gjekk Månen inn i Steinbukken sitt teikn og det vil si at vi i dag har heile 6 planetar i Steinbukken sitt teikn. Vi har hatt Sola, Saturn, Merkur, Venus og Pluto ei god stund. Med så mange planetar i same teikn vert det ein veldig konsentrert energi.

Fysisk, konkret og trygt.


Steinbukken vil ha struktur, han vil ha det ryddig og i orden. Steinbukken planlegg sin reise opp fjellet, han vil opp og ut og fysisk skape noko. Det er arbeid og sjølvdisiplin. Men det skal vera trygt og gå vegen så han sjekkar at alt er med i sekken sin. Det er full kontroll og mykje tolmod, men dette ansvaret som Steinbukken kjenner på, kan vera tungt og bæra til tider. 

Alvor, aleine, kulde, frykt.

Med så mange planetar i Steinbukken sitt teikn har du kanskje kjent på eit alvor. At du må jobbe og stå på og kanskje har du fått gjort mykje desse vekene sidan jul. Men mange planetar i Steinbukken oppfordras det til å ta tak og få ting gjort. 

Med Merkur og Saturn i konjunksjon i Steinbukken, som det har vore nokre dagar, kan tungsinnet fort koma snikande. Gamal fortid kan presse på og nokre kjenner seg aleine. Det gjeld å halde seg jorda og kjenne etter kva som fysisk er bra for deg og ikkje la frykten ta styringa. Den beste form for jording er å bruke naturen for alt den er vert. Eller du kan bake brød, gjera handarbeid, male, gå ut. Alt som gjer at du er praktisk og skapar noko.

Steinbukken trur og at han må gjera alt sjølv, men det er lov å ta imot hjelp. Steinbukken og Saturn herskar over den mørkaste og kaldaste tida på året, og det er ikkje alle som syns januar er like kjekk, medan andre finn tryggleik i denne tida når ein kan kose seg i hula si .

Refleksjon, realisere, skape, manifestere

Men vi går mot lysare tider. Dagen har vorte ca 50 min lysare sidan solsnu. Natt til onsdag 17.januar har vi Nymåne i Steinbukken, der alle desse 6 planetane står samla. Ta deg tid til refleksjon over kva som har fungert og kva som ikkje har fungert og kva du ynskjer du ta med deg vidare. Set deg opp eit rekneskap og snu deg så og sjå framover. Steinbukken er ein sann realist som ynskjer materialisere ting. Vi har akkurat hatt nyttår og refleksjonar rundt det, men det er mogleg å setja seg nye mål no med Nymånen i Steinbukken. Steinbukken kan hjelpe deg å manifestere ting, få det konkret. Steinbukken er jorda og tek ansvar for at draumar kan verta verkeleg. All inspirasjon du henta i Skytten før jul kan du no få konkretisert.

Nymåne - set deg nye mål





Nymånen startar ein ny syklus og det er ein utadvent energi, fram til vi får Vannmannen sin fullmåne 31.januar. Endå ein fullmåne i januar månad.

 Set deg nye mål og gå framover mot ein ny vår, steg for steg. Månen går inn i Vannmannen dagen etter Nymåne og Venus fylgjer etter. 21.januar går Sola inn i Vannmannen. Vannmannen er ikkje oppteke av det gamle, han vil framover. 

God Nymåne ! Med nye planar om å skape deg ein trygg veg, skapt ut frå dine erfaringar !