NYMÅNE I VÆREN
Tid for handlekraft
Natt til måndag 16.april,
nærare bestemt kl 3.47, har vi Nymåne i Væren. Ved
Nymåne står Sol og Måne saman og skal lære av kvarandre.

I Væren sitt teikn er det ein fin moglegheit for ein ny start og nye handlingar. Væren er eit ildteikn, impulsrik og full av idear. Han ynskjer at noko skal skje og gjerne på det fysiske nivå. Om du har gått og tenkt på ting lenge, så set frøet til spiring no. La ideen ta form.
Sola og Månen i Væren møter på Uranus som
kan gje deg eit glimt av nye idear og ny informasjon. Kanskje ynskjer du bryte
ut av nokre gamle mønster og rutinar, eller du kjenner på at det er nok på
nokre område og at nye kostar må til. Kanskje er du full av pågangsmot og full
av nye idear no når våren er her. Det er viktig at du gjer ting på din måte no.
Merkur på rett veg att 15.april
Du har kanskje kjent deg stoppa i ei periode no, sjølv om Sola har vore i den energiske teiknet Væren. Merkur har gått retrograd i 3 veker og gjett deg ei lekse på at Ting Tek Tid. Men 15.april er Merkur på rett veg att, og kanskje det vert enklare og gjera avtaler og få ting gjort. Kanskje har du merka at konsentrasjon og tankar har gått litt tregt i det siste.
Mars som herskar i Væren, var i nokre dagar i starten av april i kontakt med Saturn. Det gjer ei kjensle av å køyre bil med bremsene på. Du har ynskja framover og ynskja handling, medan Saturn seier stopp. Har du nok grunnlag, har du jobba hardt nok med ting, er du klar for å springe vidare.
Set ideane ut i handling
No er det opp til deg å ta ting ut i handling, ting du har bearbeid desse siste vekene og som du no er klar for. Med Uranus i konjunksjon med nymånen kan det vera full fart framover. Det er berre å henge med i svingane. Det er som å få på seg lette sommarsko etter ein lang vinter i tjukke vintersko.