NYMÅNEN OG VENUS PÅ KVELDSHIMMELEN

04.01.2017

Om du har kikka på stjernehimmelen dei siste dagane, så har nymånen og Venus vore veldig tydlege. Her i Hallingdal har dei virka veldig nær utpå kvelden. Månen har no gått forbi Venus og fortset sin veg.

Flyt med 

Venus og Månen er dei feminine planetane i horoskopet. Akkurat no har vi både Månen, Venus, Mars, Chiron og Neptun i Fisken.

Fisken handlar om det kollektive. Venus er vår kjærleiksplanet som dei fleste kjenner, medan Neptun som herskar i Fisken er den store kjærlighetsplaneten. Kjærlighet til alt og alle. Som kan elske alt og alle utan grenser. Fisken er det grenselause, det er havet, musikk og det spirituelle. Det er omsorg, sensitivitet, kreativitet og nyskaping, det er fantasi og draumar. Fisken ynskjer å flyte med. Ynskjer fred og ro, ingen forstyrringar og krav. I Fisken kan ein føle ein mistar all kontroll, som om nokon slår føtene under deg.

Bak all støyen finn ein stillheit. Berre vera. Fin tid for meditasjon eller flyte med i musikken.