Persefone - dotteraspektet

04.11.2018

Persefone er dotter til Ceres og dronning av underverda

Persefone handlar om det som skjuler seg i underbevisstheten din. Og om å praktisere ærlegheit mht kjenslene dine.


Persefone er dronning av underverda. Persefone vart i mytologien røva og bortført frå sin mor Ceres , og tatt med ned til det underjordiske av Pluto. Der levde ho vekk frå sin mor og vart knytt til Pluto heilt til Merkur frigjorde henne. Men før det, hadde ho lete seg friste til å eta granateplefrø som gjorde at ho var bindi til Pluto halve året. I sin sorg legg Ceres naturen død/ til kvile halve året, medan Persefone er nede i underverden til Pluto. Men når Persefone kjem attende til mor på våren, blomstrar naturen. Mor og dotter møtes att, men på eit anna plan, ein ny bevissthet.

Dette er ein sterk mytologi om adskilling, død og gjenforening, om traumer og alt vi kan miste, men at alt håp ikkje er ute. Det er noko vi skal lære, og vi kan reise oss att etter sjukdom, sorg og tap. Det handlar om å helbrede, om å føde noko, om vekst . Aller mest handlar det kanskje om at ei dotter skal individualisere seg frå mor og finne sin partner når ho er moden for det. 

Persefone handlar om det som ligg i det underbevisste, om gamle kjensler du har fortrengt. Når Persefone går ned i det underjordiske betyr det at vi stig ned i underbevisstheten vår. Kanskje har du vekse opp med at det ikkje var godteke og prate om kjensler og syne dine sårbare sider. Persefone handlar om å praktisere ærlegheit rundt kjenslene  og kanskje lengtar du etter det. Om du er veldig sensitiv så har du kanskje fanga opp alt som ikkje har vorte sagt rundt deg, du har kjent det på stemninga. Kjent det ulmar og du har kjent deg nedtrykt av det usagte .

Sjukdom og depresjon kan gjera sitt til at du kjenner underverda godt. Kanskje har du ikkje fått levd ut din kraft fordi det ikkje har vore plass til det. Persefone handlar om å lausrive seg frå mor og verta individualisert. Det handler om å kunne leve  ut alle dine potensiale og frigjera all energi som ligg i innestengte kjensler. Det handlar om å bryte avtaler om å vera snill pike, og ikkje leva ut frå dårleg samvet eller plikt, då spesielt til mor.

Å grave i det underbevisste kan vera veldig slitsomt og det tek sin tid og fordøye det som kjem opp, men det gjer deg meir harmonisk etterpå. Du kan  få frigjort veldig mykje energi. Du kjenner at du lever meir ut frå det du føler er sant og kanskje kan du verta god til å hjelpe andre. Det handlar om å ta tilbake krafta di så du ikkje er passiv og let deg dominere, men vågar ta ein konfrontasjon der og då. Vera ærleg og si kva du føler. 

Kanskje har du hatt sterke formødre før deg som har kjent på det å vera utstøtt, mista mor tidleg, hatt spesielle evner, sett død, vore deprimert eller sjuk, ikkje fått teke fram sine skuggesider, eller kanskje har vore den som har fått skulda i familien. Det er viktig at du ikkje ber byrdene til dine formødre, men erkjenner at det  høyrer heime hjå andre. Kanskje alt du ber på ikkje er ditt, men kan frigjerast. Kanskje er det ei gave der du kan ta tak i som dine formødre ikkje fekk levd ut. 

Om du er ei sterk Persefone skal du ta evnene dine på alvor. Det som ikkje vart verdsett før kan vera lettare og leva ut no.  La skuggane få sin plass, set lys på dei og få det skjulte fram . Lev kjenslemessig ærleg.  Lev det ut. Det sensitive og sårbare som ofte heng saman med det kreative, som dine formødre kanskje måtte skjule, kan du ta fram i dagens lys. Kanskje har du ei gave der ? 

Er du nysgjerrig på kvar du har din Persefone i horoskopet, eller kjenner du deg att i tema ? Ta gjerne kontakt så finn vi ut av det.