SATURN I STEINBUKKEN ÅR 2017 - 2020

02.01.2018

21.desember 2017 gjekk Saturn inn i Steinbukken sitt teikn og skal vera der til år 2020, i ca 2,5 år. Saturn har vore i Skytten sitt teikn no i ca 2,5 år og skiftar dermed frå ildteikn til jordteikn 

Saturn er den strenge læremeisteren, og vår karma om du vil. Han stoppar deg om du ikkje er klar, men har du lagt eit godt grunnlag sleppar han deg vidare. Saturn høyrer heime i Steinbukken, då han herskar her. Saturn i Steinbukken veit alt om å jobbe og stå på. Hardt arbeid gjer belønning. Om du prøver å hoppe over nokre trinn i din utvikling, vert du etter kvart sendt attende. Steg for steg skal du bygge din veg opp mot fjellet, trygt og roleg, mot å ta ansvar og verta vaksen, opp mot suksess eller belønning, opp på toppen av fjellet slik at du har oversikt over ditt liv.

Verknad på deg personleg

Personleg verknad desse åra kan vera at du no skal setja i kraft det du har drøymt om og sett deg som mål. Saturn kan hjelpe deg å manifestere draumane dine. Saturn i Steinbukken er praktisk retta og kan få skapt noko fysisk, materialisert dine tankar og draumar. Det er tid for å skape og få ting gjort. Sjå kva du alt har av kunnskap og erfaring og om du kan gjera noko med det. Kanskje kjenner du på motstand og at du føler du møter på hindringar desse åra, men det er for at du skal sjå om du har planlagt godt nok, om det er noko du skal gjera anleis, eller om du treng meir kunnskap fyrst. Skal ein få godt resultat treng ein planlegge og strukturere, og ting tek kanskje meir tid enn du ofte hadde tenkt. TTT. Men legg du godt grunnlag, får du godt resultat. Saturn er streng, men han gjer deg lønn for strevet om du har tolmod og er uthaldande.

Saturn hjelper deg med å setja grenser. Har du vore grenselaus og lete andre styre deg eller trampa over grensene dine, så er det tid for å setja klare grenser for å beskytte deg sjølv. Ta ansvar for ditt liv, vera den vaksne som ordnar opp. Om du dermed har for sterk mur rundt deg, så er det kanskje tid for å rive litt av den og sleppe andre til.

Saturn kan hjelpe deg med å jobbe med det ytre og det indre, då han herskar over både det personlege og sjelelege i Steinbukken. Han gjer deg beskjed om dine manglar og kva du kan verta sterkare på, slik at du kan få ein god sjølvtillit. Om du har vore gjennom dine testar i Skorpionen og Skytten og er klar for å la sjelen sitja i førarsete og styre din personlegdom, kan du få eit godt og stødig liv. Dette er mest aktuelt for oss som har passert midtlivskrisa. Før det er det ofte personlegdomen som herskar.

Verknad i samfunnet

 Saturn i Steinbukken står for det offentlege, lover og reglar, autoritetar, skatt, materialisme, arbeid, lønn og næringsliv. Steinbukken er eit av dei mest materialistiske teikna vi har. Det kan vera at det vert trongare tider og at vi kan sjå meir arbeidsløyse. Sist vi hadde Saturn i Steinbukken hadde vi finanskrise. Vi har på ein måte kome til toppen av fjellet og skal lære av det vi har erfart. Det gjeld å ta vare på det ein har og jobbe på det, meir enn å styrte vidare. Steinbukken står for det gamle, for tradisjonar, for det vi skal ta vare på. Det er ei grense for alt og Steinbukken tek ansvar for det og finn nye løysingar. Steinbukken er nøysam og arbeidssam og er flink til å styre økonomien.

Arbeidsplassar, næringsliv og økonomien i mange land kan vera ein av utfordringane vi ser. Vi treng skape tryggleik ut frå det vi har og ta vare på samfunnet vårt og jorda vår. Gamle haldningar kan måtte vike for noko som er meir varig. Olja varer ikkje evig og vi treng kanskje noko nytt å skape ut frå. Det er tid for å tenkje meir langsiktig . Det kan vera endring i det politiske og det offentlege og vår felles økonomi. Vi er alle ansvarlege for å skape eit godt samfunn og bidra med vårt. 


Endring, utvikling, skape tryggleik

Kva det slår mest ut på ser ein mest i etterkant, men det er tid for endring og utvikling. Tid for å vera meir nøysam kanskje. Har du skapt eit godt grunnlag for deg sjølv gjennom åra, vil du no kunne hauste av det. Det er no berre slik at vi treng tider der vi set bremsen på og ser gjennom kva vi har lært og erfart, og kva vi har bygd opp. Kva som fungerar og kva som ikkje fungerar og må arbeidas meir med. Er grunnmuren din litt skeiv eller ikkje trygg nok, er det no tid for å få den meir stødig før du går vidare i livet. Dette gjeld både i det ytre liv og i ditt indre liv. Vi treng alle kjenne oss trygge og når nokre murar brist eller fell, skapar det frykt i oss. For at frykten ikkje skal ta tak i deg treng du bygge opp eit sterkt indre og Saturn i Steinbukken kan hjelpe deg med det, om du sjølv tek ansvar for det. I det store og heile er det ikkje det materialistiske som gjer deg trygg, men din indre styrke. Sjølv om det å ha økonomien og hus og heim i orden, skapar både tryggleik og fridom. Men det er grenser for alt, grenser for kor mykje vi treng. Saturn i Steinbukken er nøysom.

Pluto står og i Steinbukken sitt teikn, noko Pluto har gjort i mange år. Men det er fyrst ved årsskiftet 2019-2020 at Pluto og Saturn møtas i Steinbukken. Det kan vera at det offentlege då vert granska med lys og lykter og må gjennom endring. Makt og autoritetar vil gjennomgå endring. Men det er ei stund til.