Sensitivt barn i denne førjulstida

08.12.2025

Denne tida før jul, med forventning, kos og eit betydeleg stressnivå. Å vekse opp som eit sensitivt barn i denne førjulstida er ikkje lett ! Ikkje før, og ikkje no.

Sjølv var eg eit veldig sensitivt barn, som ikkje var noko tema den tida eg veks opp. Eg hugsar denne førjulstida som veldig kavete og slitsom.

Julestria før

På 60 talet i bygda eg veks opp, skulle alt ordnast til jul. Tak og vegger skulle skine, julegardinene skulle opp, tepper og puter luftas. Kjøkenskap og kjøleskap skulle tømmast og vaskast, og ryddast på plass att. Lutefisken skulle bløytas og ølet bryggast. Brød og kaker baka vi sjølvsagt sjølv, og minst 7 slag kan du vite, pluss lefsekling og smultering.

Karameller skulle kokast og marisipan lagast . 30-40 julekort skulle skrivast for hand og julegaver til alle søskenbarn, som var mange, og tanter og onklar, naboar og besteforeldre skulle ordnast. Dukar, sengetøy og klede skulle vaskast og strykast, før vesle julekvelden kunne senke litt ro over seg.


Juletreet, det vart pynta sein på vesle julekvelden etter vi barn hadde lagt oss. Det stod der og skinte med tusen julelys når vi stod opp med store forventningar. Kva ville kvelden bringe ?

For mykje av alt

Eg blir sliten ved tanken på alt dette ! Dei var sjølvsagt flinke til å skape alt sjølv og innsatsen var stor. Men for den som var ei sensitiv jente som måtte delta i alt dette, var det enormt slitsomt. Det kjentes som mas og kav og mykje støy.

Eg klarar ikkje hugse kosen og roen i førjulstida, om det var nokon. For meg var det berre alt for mykje. For mykje av alt ! All mat og godsaker skulle sparast til jul, og det kjentes som all kosen óg skulle vente. Det var alltid noko å gjera, noko å ta tak i.

For meg blomstra barne-eksemen sjølvsagt opp i denne tida, det var for mykje lyd og støy, vatn og såpe. For mykje må og burde liv. Det perfekte huset og den perfekte husmora som ordna alt ! Og det var på stell, det var ingenting som mangla. Berre ei veldig sliten mor og ein altfor utmatta liten jente som ikkje hadde godt av alt dette. Men fyrste juledag var fin for meg, den kom med all sin ro. Å krulle seg til i sofaen med alle barnebøkene eg hadde fått. Berre lese og kose meg med bok og sjokolade og ro i huset. Ingen forventningar! Berre ro! I det ytre og i det indre livet !

Julestrid i dag

Eg trur faktisk at det er mykje julestri og stress i dag og, men på ein annanmåte. Jaget etter den perfekte jula er der. Der ein skal prestere på jobb og heime og i det sosiale førjulslivet med fest og avslutningar her og der, og gjerne rekke ein julekonsert i jakten på julestemninga. Det kan vera fint med mange julebord og gode måltid, men då håpar eg du finn roen med det, og at du ikkje gjer det fordi det vert forventa. Det er lett å havne i "burdelivet" i førjulstida. Har du eit sensitivt barn rundt deg, eller ein ungdom, ro ned og kos deg !

God adventstid ! Fargelegg tida med dine ynskje !