Stort skifte i energi

18.12.2020

Saturn frå Steinbukk til Vannmann - ansvarskjensle for gruppa.

Saturn, den strenge læremesteren, gjekk inn i Vannmannen sitt teikn 17.12 og det er ca 20 år sidan sist. 21.12 møter Saturn  Jupiter i Vannmann, og same dag har vi vintersolkverv.

Saturn har vore i Steinbukken sitt teikn i ca 2,5 år, bortsett frå ein liten gjestevisitt i Vannmann frå 23.mars til 2.juli. No skal han vera ca 2,5 år i Vannmannen sitt teikn. Dette vil påverke oss alle og samfunnet vårt, uansett kva teikn vi er fødd i.

Saturn

Saturn er planeten som set grenser, som vil at vi skal gjera det som er best for oss. Han vil at du skal vera vaksen og ansvarsbevisst. Har du for slakke grenser i livet så set han deg på plass, og er du på feil spor i livet, vil han òg gje beskjed. Du får ikkje den jobben du vil, mistar jobben, får fartsbot, vert sjuk o.l. Det er lov og rettferd. Mange kallar Saturn for den strenge læremesteren, men kanskje til tider treng vi bli stoppa for å få innblikk i kva vi held på med, sjølv om det er vanskeleg der og då, ser vi at han gav oss lærdom ettersom tida går. Det er som ein far som vernar om barnet sitt, sjølv om ingen av oss likar når livet vert begrensa. Men Saturn hjelper oss å manifestere det vi vil, han hjelper deg med styrke, disiplin og tolmod, slik at du kan bygge opp det du ynskjer steg for steg og at du tek ansvar for eige liv. At du klypper navlesnora og bevegar deg vidare, som ein vaksen og ansvarfull person. Og at alle vegar du går eller har gått, er lærdom du tek med deg vidare. 

Saturn i Steinbukk - hardt arbeid

Saturn herskar i Steinbukken sitt teikn som er eit jordteikn, der han no har stått saman med Pluto og Jupiter. Vi har hatt mykje jordkvalitet og mange har kjent på eit alvor og ein viss treghet. Steinbukken er teiknet for samfunnet, styresett, for lover og reglar. For jobb og karriere. Vi har vel alle kjent oss svært begrensa i dette året som har gått. Mange spådde at det kom til å verta ei ny finanskrise, men istaden fekk vi ein pandemi. Steinbukken symboliserar toppen av hierarkiet, toppen av fjellet. Det er det tegnet som er øverst i zodiaken (horoskopet). Vi kjem ikkje høgare opp, derifrå må vi ned for å dele av kunnskapen vår i Vannmannen og Fisken sitt teikn.

Mange har kjent på at vårt luksusliv ikkje kunne nå nye høgder, vi har levd i overflod materielt sett. Vi måtte ei gong snu og sjå kva vi held på med, å sjå kva verdiar vi har skaffa oss i samfunnet. Steinbukken er det teiknet som er mest materielt oppteke og som vil til topps koste kva det koste vil. Steinbukken er eit jordteikn, og med pandemien fekk vi begrensning i levesettet vårt, i arbeidsliv og økonomi. Steinbukken og Saturn kan kjennes kald ut, og med grenser for klem og berøring, kan vi vel kjenne på at samfunnet kjennes kaldare, der vi sprett til sides for kvarandre i butikken.

No skal Saturn regjere i Vannmannen sitt teikn i ca 2,5 år. Vannmannen er meir frihetssøkande enn Steinbukken. Medan Steinbukken handlar om det gamle og tradisjonar, ser Vannmannen framover. Det er teiknet for nyskaping, for framtida, for oppfinningar. Det er eit luftteikn og teiknet for gruppeaktivitet, eit sosialt teikn som er meir oppteke av idear og det som kjem frå oven, enn det materielle og jordiske.

Saturn i Vannmann - ansvar for gruppa

Saturn i Vannmann vil at du skal ta ansvar for deg sjølv, men og ansvar for gruppa, for menneskeheten. Kva kan du bidra med for at andre skal kjenne seg trygg ? Kva kunnskap har du erfart og lært deg som kan formidlas til dei som treng det ? Vannmannen er teiknet for likskap og brorskap. For å dele av det via har. Saturn kan kjennes som frustrasjon og hardt arbeid, men han gjer deg sjølvdisiplin og at du tek ting på alvor, og no skal du kjenne på at du er ein del av noko større. Du er ikkje aleine, det er ikkje korleis du skal bygge opp ditt liv som tel. Vi treng kanskje ikkje ny bil og ei hytte til, men bry oss meir om kvarandre og moder jord. Ha tid til flokken vår.

Vannmannen er bølgelengder. Vi kan jobbe meir via nettet og skape nye idear der. Vi kan kjenne oss kopla saman via nett og alle former for apper. Det er nytenking. Som vi kjente på i perioda mars-juli når Saturn var i Vannmannen på visitt. Skulearbeidet og forelesingar foregjekk via nett, via ein PC. Vi arbeidde i grupper utan fysisk møtas og vi såg at det fungerte. Vi fekk ein forsmak på Saturn i Vannmann.

Vannmannen er teiknet for grupper, lag og organisasjonar. Med Saturn i Vannmann er det spørsmål om korleis energien i gruppa flyt, fysisk og mental utveksling. Det er viktig å kjenne at ein er ein del av gruppa sin tankegang og jobb for felles beste, kunne samarbeide. Kva grupper du vil jobbe for og med vert viktig, ei gruppe der du kjenner deg heime. Grupper som er på same bølgelengde og tenker og handlar likt. Den negative sida er at ein kan trekke seg attende og kjenne seg einsam, kjenne på isolasjon. Ein kan kjenslemessig distansere seg. Sitja bak ein skjerm og aldri fysisk møte nokon.

Jobbe for framtida og gruppa sitt beste. Nytenking/nyskaping og meir fridom

Tema no vil bl.a. vera at vi må dra lasset saman for at alle skal ha det bra, mindre egoisme og meir jobb for gruppa sin heilheit. Saman er vi sterke og gruppa/samfunnet kan nå lengre om vi alle jobbar mot felles mål og tilpassar oss ein gruppedisiplin. Vi har alle noko kunnskap å koma med, vi treng alle for at gruppa skal vera sterk. Utan at du skal ta på deg for mykje ansvar eller halde fast i det gamle og rigide. Det gjeld å jobbe for framtida, for det nye. Vi har hatt så mykje jordenergi så lenge som held fast ved det gamle, som vil at ting skal vera som det har vore. No vil vi gå mot noko nytt, mot meir fridom og meir ansvar for at alle får vera med. At alle skal kjenne seg fri ! For i Vannmannen vil vi gjerne kjenne oss fri, ikkje A4 liv, men fri til å forme vårt liv og vårt tankesett som fungerar bra, sjølv om forfedrane og tradisjonane sa at vi må gjera slik og slik. Saturn er ansvarskjensle, Vannmannen er frihet, brorskap og grupper. Demonstrasjonar og sterke meiningar for endring kan dukke opp til energien landar litt. Det kan òg vera grupper som kjem saman pga indre kvalitetar snarare enn ytre.

21.12 møtes Jupiter og Saturn på stjernehimmelen i Vannmannen sitt teikn og kan sjåast som ei stor lysande stjerne. Dette skjer på vintersolverv , som og er ein portal. Der lyset skal overta for mørket. Vi er i eitt stort skifte. Meir om det seinare.