SOLA I FISKEN SITT TEIKN

22.02.2018

Fisken er eit sensitivt vanntegn. Fisken ynskjer knyte seg til noko større, noko guddommeleg som du kan finne i meditasjon, religion eller i naturen. Ein ro og kvile i deg sjølv.


19.februar gjekk Sola inn i Fisken sitt teikn. Sjølv om du ikkje er fødd i dette teiknet vil du verta påverka av det i fire veker. Vi treng alle desse tolv teikna slik at prosessane i livet skal gjera oss heil. Livet går i syklusar, året har sine syklusar, månen går i syklusar, naturen har sine syklusar. Alle teikna har sine kvalitetar. Vi startar på våren med Væren sitt teikn med nye sjansar og nye moglegheitar. Så går vi runden rundt gjennom all teikna som tek eitt år, til vi avsluttar i Fisken. Fisken er teiknet for å gje slepp. Det frøet eller ideen du sådde i Væren i fjord fullendas. Du kan gje slepp på det, eller bygge vidare på det i den forma du føler er rett no. Med våren og Væren får du ein ny start, men då må du gje slepp på det du ikkje vil ta med vidare no i Fisken sitt teikn

Ta deg tid til kvile og det å berre vera

Fisken er eit sensitivt vannteikn. Sola har akkurat forlate det mentale teiknet Vannmannen som er der oppe og prøver å skaffe seg overblikk, som ser ting i fugleperspektiv. Medan Vannmann er det teiknet som spreier sin kunnskap , er Fisken oppteke av å stå til teneste og yte service. Fisken vil at alle skal ha det bra og sansar fort korleis andre har det. I Fisken sitt teikn skal du kjenne på det å vera ein healer ved berre å vera til, utan å alltid måtte skape eller vera flink pike. Ein treng ikkje alltid vera nyttig, som ligg i det motsette teiknet Jomfruen. Jomfruen er ein arbeidsmaur og har ofte store krav til seg sjølv og andre. Jomfruen ynskjer full kontroll. Fisken og Jomfruen er polaritetar.

Fisken sitt teikn veit at det finst noko større i livet. Han veit at det er noko guddommeleg som styrer eller som påverkar vårt liv. Vi kan ikkje kontrollere alt, nokre gonger er livet laga slik at du må trekke deg attende for berre vera. Vil du for mykje i Jomfruen, kjem Fisken og slår føtene under deg. Fisken vil at du skal kjenne etter kva du treng ha med deg i livet, og korleis kviler du best i din kropp. Fisken veit at det er ei indre kraft ein treng ha kontakt med for at ein skal verta heil. Du kan finne det i meditasjon, religion, musikk eller ute i naturen. Fisken treng reinse seg for alt han vert påverka av. For oss som har mange planetar i Fisken sitt teikn treng vi trekke oss attende iblant for å ladas.

Om å kvile i seg sjølv

Naturen kan heale deg. 


Fisken sitt teikn er styrt av Neptun sin planet. Neptun har ein lengsel etter å vera i kontakt med noko større enn oss menneske. Neptun er grenselaus så det påverkar fort vårt immunsystem. Har du ein sterk Neptun i ditt horoskop, tek du fort inn energiar frå alt og alle rundt deg, om du ikkje beskyttar deg . Fisken er symbol for det grenselause.

Sjølv har eg mange planetar i Fisken sitt teikn, og ein veldig sterk Neptun, som gjer at eg har fått kjent på mykje sjukdom i livet. Kroppen har vore som ein svamp, så eg har tatt inn energiar utan at eg har funne utløp for det. Kanskje heller ikkje teke meg tid til reinsing/kvile alltid, eller visst korleis eg skulle gjera det.  Min aller viktigaste form for reinsing no og det å koma tilbake til min kropp, er naturen. Eg brukar og meditere mykje, men det naturen gjer meg kan ikkje noko menneske tilby meg. Det å koma seg ut, gjerne ved havet om ein har tilgang til det, men for oss som bur ved fjellet så har eg  tilgang til den same kjensla med å koma litt opp i høgda. Der landskapet er opent, ingenting stenger, auga kan kvile langt der framme og eg kan berre vera. Tankane vert tømt og eg kan kvile i meg sjølv og i kroppen min. Når eg kjem heim er det som om tankespinnet har gjett slept og eg har sortert vekk ting. Kropp og sinn er fornøgd.

Naturen byr på ro og kvile som vi alle treng, slik at vi kan gå tilbake og gje til andre. Moder Jord tek imot deg slik som du er og styrker deg .  Skal du kunne gje av kjærleik til dine medmenneske treng du påfyll. Då gjer du frå lyset, frå ditt indre. Prøv å stå i det å vera, ikkje alltid må gjera. Det er ikkje lett i vårt samfunn som krev så mykje av oss, som har så mykje Jomfru energi i seg, men det er kvalitetar som Fisken tilbyr deg no. 


PS. Bileta er teke siste veka. Det er stillhet ! Det er healing av beste slaget ! Og hugs, det handlar ikkje om å spurte og gå lengst mogleg, då er du i Jomfruen. Det handlar om å berre vera og ta inn. Gje slepp på kvardagsmaset og pust. Sjå og kjenn etter kva Moder Jord tilbyr DEG ! Då er du i flyt.