SOLA INN I SKYTTEN

21.11.2018

Torsdag 22.11 går Sola inn i SKytten

Skytten er knytt til håp og optimisme, og om å setja seg nye mål i livet. Mål som er sant for deg !

Torsdag 22.11 går Sola inn i Skytten sitt teikn og skal vera der ein månad. Skytten sitt teikn er på den mørkaste tida av året, ei tid der vi gjerne søkjer meining i livet.

Skytten er eit ildtegn som vil halda flamma levande. Det er viktig å ha noko å sjå fram til og kjenne på gnisten i ditt indre. Vi er snart i gang med adventstida og ser fram mot jul. Vi tenner lys og går på julekonsertar, som ofte er i kyrkja. Skytten er teiknet for religion og filosofi. Skytten vil ha sanning i det han driv med, kjenne at han lever i pakt med naturen og går den vegen som er sann for seg, opp på fjellet, opp på toppen. Skytten  er tegnet for håp og optimisme.

Skytten sitt teikn handlar om kva du trur på, kva som har meining for deg i livet. Etter vi har vore gjennom Skorpionen sin månad der vi vert konfrontert med tema vi skal gje slepp på, er det viktig å finne nye mål i Skytten. Dette er tema for alle no når Sola er i Skytten sitt teikn, ikkje berre for deg som er fødd i dette teiknet. Vi har alle Skytten ein plass i horoskopet.

Skytten sitt symbol er ei pil. Kvar skyt du din pil ? Kva er dine mål ? Går du den vegen som er sann for deg, eller treng du justere litt for å kjenne deg meir heil ?

Håpar du tek deg tid no til å filosofere over kva som er viktig for deg i livet, og kva du ynskjer ta med deg inn i året 2019 som har gjort deg godt. Året 2018 har vore eit år for masse retrograde planetar og ei tid for ettertanke for mange. Eit år der mange skjulte ting har kome opp i lyset, kjensler som har tvinga seg fram for at du skal erkjenne dei og gå vidare. Du skal ikkje bli i kjenslene, berre bli dei bevisst. No med Jupiter i Skytten sitt teikn er det meir optimisme og skue, og nye mål ligg der og ventar på deg. Kanskje ynskjer du deg ein annan retning i livet, gjera ting som er meir i trå med din sjel og det som styrkar deg ? Det kan vera små justeringar som gjer at du kjenner at du lever meir sant. Skytten er knytt til intuisjonen.

Nyt adventstida og ta deg tid til å vende blikket innover kjære deg ! Ikkje berre skyt pila vilt og prøve rekke alt, men ta deg tid til å skyte pila innover, i ditt indre. Lytt til sjelen din. På denne mørke tida er det fint å vende blikket innover. 

Kun du kan finne din sanning og din veg i livet !