SOMMARSOLKVERV - 21.juni

20.06.2017

Vi har Sola i Krepsen ein månad framover

21.juni kl 6:24 har vi sommarsolkverv.  Dette skjer idet sola når sitt nordlegaste punkt sett frå jordkloda. D.v.s at denne dagen står Sola høgare på himmelen midt på dagen enn nokon annan dag i året. Vi seier at Sola snur, sjølv om det er jordkloden som går rundt sola. Sola vil no går sørover, eller nedover att, heilt til vintersolkverv. Solsnu vert ofte sagt at er ved St.hans kvelden, men det skjer frå 1-2 dagar før. 

Sola går inn i Krepsen sitt teikn. Sola har kome på toppen av himmelen og noko har kome til ein fullbyrdelse i Krepsen, slik som når vi har fullmåne. Det er full blomstring og naturen er på sitt finaste fire veker framover. Vi skiftar frå luftteiknet Tvillingen som er den sosiale, mentale og kontaktsøkande, til vannteiknet Krepsen som er styrt av Månen og kjensler. Vi ynskjer vera meir nær, kjenne tilhørighet, ha kontakt med familie, føle, kjenne at vi lever. Det er sommar og vi er meir opne og mottakelege.

Det er mykje varme og stor evne til medkjensle i Krepsen, dette gjer at dei vert ofte godt likt. Dei utstrålar empati og syner omsyn, men Krepsen er eit kardinalt teikn. Dei er sjølvstendige folk som veit kva dei vil og kva dei føler, så ikkje undervurder ein Kreps. Berre la dei få gjera ting i sitt tempo, for dei er fødd på sommaren.

Så når vi no ein månad framover har Sola i Krepsen er det tid for å føle, kjenne etter kva som er godt for deg. Gje slepp på stress og ta vare på kroppen din. Korleis har du det eigentleg ? Kva seier magen din er bra for deg ? Kva føler du der inne ? Senk skuldrane ein månad og nyt naturen og del med dei som står deg nær. Er det noko Krepsen er flink til så er det å la vera å gjera det han/ho ikkje vil, og ikkje gnag over det du ikkje kan gjera noko med.



Det er tid for å vera med dei som du kjenner deg nær.  Kos, nærleik, kjærleik, ømheit og forståing !

GOD SOMMAR ALLE!

VÅG Å BLOMSTRE !